Michael Dennis Mills, kjend som Mick Mills, () er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd i Godalming, som vann FA-cupen 1978 og UEFA-cupen 1981 med Ipswich Town.
Karriere Klubbspel Mills spelte på Ipswich Town frå 1966 til 1982, som lagkaptein frå 1971. I siste halvdelen av 1970-åra hevda klubben seg i toppen av engelsk fotball. Etter tredjeplass i ligaen 1977 vann Ipswich den engelske cupfinalen 1978 med 1–0 over Arsenal FC. På dagen tre år etter FA-triumfen på Wembley stadion i London, slo Ipswich nederlandske AZ Alkmaar med 3–0 på heimebane i det fyrste av to finaleoppgjer i UEFA-cupen 1981. Returoppgjeret vann AZ 4–2, dermed kunne Mills heve ein ny pokal for Ipswich. Etter 741 kampar på Ipswich Town vart han i november 1982 overført til Southampton FC. Hans aktive tid som spelar enda 1985-87 i Stoke City, eit lag han samstundes var sjef for.
Landslagsspel Mills spelte 42 landskampar for England i tida frå oktober 1972 til juni 1982. Han deltok i europameisterskapen 1980, ei turnering der det engelske laget vart slått ut i gruppespelet. Under verdsmeisterskapen 1982 var han kaptein for England, laget kom ikkje vidare frå mellomspelet og Mills sin landslagskarriere var over.
Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 1981 med Ipswich Town Vinnar av FA-cupen: 1978 med Ipswich Town Andreplass i den engelske ligaen: 1981, 1982 med Ipswich Town og 1984 med Southampton FC Tredjeplass i den engelske ligaen: 1975, 1977 og 1980 med Ipswich Town
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mick Mills» frå , den 11. mai 2021. eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Ipswich-spelarar Kategori:Southampton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Folk frå Godalming