Wallace Spearmon () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Chicago. Han vann VM-gull i stafett i 2007 og tok medalje på 200 meter under VM 2005, VM 2007 og 2009.

Aktiv Spearmon vart nordamerikansk studentmeister (NCAA) på 200 meter i 2004 og i 2005. Under verdsmeisterskapen 2005 sprang han inn til sølv på distansen, 0,16 sekund bak landsmannen Justin Gatlin. Spearmon sette personbeste på 200 m med 19,65 sekund i Daegu den 28. september 2006, berre to mann hadde sprunge fortare. I verdsmeisterskapen 2007 i Osaka tok han bronsemedaljen på spesialdistansen, eit løp landsmannen Tyson Gay vann føre Usain Bolt frå Jamaica. Dessutan vart han verdsmeister med di han sprang andreetappen for USA sitt vinnarlag i 4 x 100 m stafett. Også i Sommar-OL 2008 kom han i mål som tredjemann på 200 m, men vart diskvalifisert for å ha stega utom løpebana si. Ved verdsmeisterskapen 2009 fekk han bronsen på distansen, men kom heilt i skuggen av Usain Bolt som sette ein fabelaktig verdsrekord på 19,19 sekund. Spearmon tok seg til finalen på 200-meteren under Sommar-OL 2012 i London, med tida 19,90 enda han på fjerdeplass, slått av tre mann frå Jamaica.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wallace Spearmon» frå , den 13. mai 2021.

World Athletics

Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012