Per Ofstad () er ein norsk sjakkspelar, fødd i Bergen, noregsmeister i sjakk i 1961.Brekke 2014 s. 295.

Per Ofstad vann junior-noregsmeisterskapen i sjakk to gongar, både den første gongen det var junior-NM i 1951, og i 1953. I 1952 vart han nummer 2.Brekke 2014 s. 294

Per Ofstad spelte for Noreg i student-VM: I 1954, andre bord i det første (offiselle) student-VM i Oslo (+1, =4, -4), I 1955, tredje bord i det andre student-VM i Lyon (+5, =3, -3).

Per Ofstad spelte for Noreg i sjakk-OL i München i 1958, på tredje bord, med resultatet + 6, = 5, - 4.

Per Ofstad representerte Noreg saman med Svein Johannessen i soneturneringa i sjakk i Halle i 1963. Han spelte der sitt "udødelege parti", med ein vinst etter berre 19 trekk mot stormeister Wolfgang Uhlmann frå DDR.https://www.chessgames.com/perl/chessgame?gid=1144211 Per Ofstad - Wolfgang Uhlmann, 1963

I 1998 vart Per Ofstad senior-noregsmeister (aldersklassa over 60 år).Brekke 2014 s. 301

Frå 1996 til 2009 deltok Per Ofstad regelmessig i EM og VM for seniorar, og la også ned ein betydeleg organiatorisk innsats for seniorsjakken.

Frå 1998 til 2001 var Per Ofstad president i Norges Sjakkforbund.Brekke 2014 s. 284 Per Ofstad blei utnemnd til æresmedlem i Norges Sjakkforbund på Norges Sjakkforbund sin kongress 7. juli 2009.https://www.sjakk.no/forbund/hedersbevisninger

Kjelder Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Per Ofstad si spelarside hos FIDE Per Ofstad sine parti hos chessgames.com Per Ofstad chess games at 365chess.com

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Sjakkorganisatorar Kategori:Presidentar i Norges Sjakkforbund Kategori:Æresmedlemmar i Norges Sjakkforbund