Karl-Hans Riehm () er ein tysk tidlegare sleggekastar frå Konz som representerte Vest-Tyskland. Han sette verdsrekord i 1975 og på ny i 1978. Riehm vann bronsen i øvinga ved europameisterskapen 1978 og tok sølv under Sommar-OL 1984.

Aktiv Allereie 20 år gammal tok Riehm steget mot verdseliten då han i 1971 kasta 70,22 meter. OL-sesongen 1972 slengde han slegga 73,92 m, sjette best i verda det året, men lukkast ikkje i OL-finalen og enda på tiandeplassen. Sommaren 1973 forbetra han sitt personbeste til 73,98 m.

Den 19. mai 1975 flytta Riehm verdsrekorden i tre kast ved eit stemne i Rehlingen. Fyrste rekordkastet målte 76,70 m, så auka han til 77,56 m, for så smelle til med 78,50 meter. Under Sommar-OL 1976 enda han på fjerdeplass, fattige 2 centimeter kortare enn bronsevinnaren, Anatolij Bondartsjuk frå Sovjetunionen.

I mai 1978 sette Riehm personbeste med 79,12 i nemnde Rehlingen. Den 6. august vart han andremann til å kaste sleggja over 80 meter. I Heidenheim sette han verdsrekord med 80,32 m i ei ekstraøving under ein juniorlandskamp. Ved europameisterskapen 1978 fire veker seinare måtte han nøye seg med bronse, like bak Sovjets Jurij Sedykh og austtyske Roland Steuk.

Ettersom Vest-Tyskland boikotta Sommar-OL 1980, deltok ikkje Riehm i Moskva-leikane. Derimot vann han over den ferske olympiameisteren då han i Rhede sette livsbeste med eit kast på 80,80 m, berre to veker etter sleggjefinalen i OL.

Sommaren 1983 kasta Riehm 80,26 m som best, OL-året 1984 nådde han 79,44 meter. Då Sovjetunionen og mange andre austeuropeiske statar boikotta sommarleikane i Los Angeles, sikra han seg sølvmedaljen i sleggjetevlinga, like bak favoritten Juha Tiainen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1972 i München: Nr 10 – 70,12 m OL 1976 i Montreal: Nr 4 – 75,46 m EM 1978 i Praha: Bronsemedalje – 77,02 m VM 1983 i Helsinki: Nr 7 – 76,92 m OL 1984 i Los Angeles: Sølvmedalje – 77,98 m, bakom Juha Tiainen (78,08 m)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karl-Hans Riehm» frå , den 25. mai 2021.

World Athletics

Kategori:Tyske sleggekastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984