Flugesongarar er ei biologisk slekt Erythrocercus som lever i skogshabitat i tropisk Afrika sør for Sahara. Slekta er godtatt som monotypisk i sin eigen familie Erythrocercidae etter tidlegare å ha vore plassert inn i ymse familiar.
Skildring Flugesongarar er små sporvefuglar, som liknar flugesnapparar (Muscicapidae), med ein kroppslengde på 9 til 12 cm. Kjenneteikna til slekta inkluderer ein avrunda hale med 12 halefjører mot 10 i orientsongarfamilien (Cettiidae), og iaugefallande, stive bust rundt nebbrota. Rustkroneflugesongar har gråleg overside, framhovudet og halen er raudbrun, undersida er beige til kvitaktig. Gulflugesongar og gulbukflugesongar er grønaktig på oversida og klår gulfarge på undersida.
Systematikk Slekta Erythrocercus vart først skildra vitskapleg i 1857 av den tyske ornitologen Gustav Hartlaub. Den dag i dag er vitskapen ikkje heilt samd om den systematiske klassifiseringa av slekta. I ei tid vart slekta plassert i monarkfamilien (Monarchidae) eller berre ført opp som Incertae sedis ('usikker plassering') utan å tilhøyre nokon familie.
I 2006 vart flugesongarar plasserte inn i den nyleg introduserte orientsongarfamilien (Cettiidae). Den svenske ornitologen Per Alström og kollegaene hans introduserte ein uavhengig, monotypisk familie for slekta Erythrocercus, Erythrocercidae, som vart adoptert av IOC verdslista. Flugesongarar er søstergruppa til ein felles klade av krattsongar (Scotocerca inquieta) og slektene i orientsongarfamilien.
Artsliste Flugesongarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Erythrocercus Gulflugesongar, Erythrocercus holochlorus, Little Yellow Flycatcher, Erlanger, 1901, (LC) Rustkroneflugesongar, Erythrocercus mccallii, Chestnut-capped Flycatcher, (Cassin, 1855), (LC) Gulbukflugesongar, Erythrocercus livingstonei, Livingstone's Flycatcher, Gray, GR, 1870, (LC)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Spreizschwänze» frå , den 29. mai 2021.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:sporvefuglar Kategori:Fugleslekter