Vasilij Vladimirovitsj Berezutskij () er ein russisk tidlegare fotballspelar frå Moskva som i hovudsak var midtstoppar. Han vann UEFA-cupen 2005 med CSKA og spelte EM-semifinale for Russland i 2008.

Karriere Klubbspel Berezutskij spelte for Torpedo-SIL i 2000-01. Frå 2002 til han la opp i 2018 gjorde han teneste for CSKA Moskva. Med CSKA vann han sjue cupmeisterskap i åra 2002 til 13 og seks seriemeisterskap i perioden 2003-16. Høgdepunktet må likevel ha vore triumfen i UEFA-cupen 2005, då CSKA sigra i finalen med 3-1 over Sporting Lisboa. Med på UEFA-triumfen var mellom andre tvillingbroren Aleksej Berezutskij.

Landslagsspel Vasilij Berezutskij spelte 101 landskampar i tida frå juni 2003 til oktober 2016. Størst framgong hadde Berezutskij og Russland då laget tok seg til semifinale mot Spania under EM i fotball 2008, ein kamp som enda med tap 0-3. Han skåra i alt 5 mål for Russland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wassili Wladimirowitsch Beresuzki» frå , den 13. juni 2021. eu-football

Kategori:Russiske fotballspelarar Kategori:CSKA Moskva-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016