Tatjana Valerjevna Petrova () er ein russisk tidlegare langdistanse- og hinderløpar. Ho vann sølvmedaljen i 3 000 meter hinder i så vel EM 2006 som i VM 2007. I 2012 tok ho bronsen i maraton under London-OL.
Aktiv Petrova sprang inn til andreplass i 3 000 meter hinder då europameisterskapen 2006 vart avvikla i Göteborg, slått med to sekund på sisterunda av Alesja Turava frå Kviterussland. Året etter presterte ho livsbeste i øvinga ved verdsmeisterskapen i Osaka, tida 9.09,1 heldt til ein ny sølvmedalje. Etter ein fjerdeplass på hinderløpet under dei olympiske sommarleikane 2008, satsa ho i staden på maratoløping.
I 2009 vann ho Los Angeles maraton på tida 2.25.59. To år etter forbetra ho den personleg rekorden til 2.25.01 då ho vart nummer fem i Berlin maraton. Under Sommar-OL 2012 i London gjorde ho livsbeste i maraton, tida 2.2.29 sikra henne bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 9.28,0, bakom Alesja Turava (9.26,0) VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 9.09,1, bakom Jekaterina Volkova (9.06,5) OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 9.12,3 OL 2012 i London: Bronsemedalje i maraton – 2.23.29
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tatyana Petrova Arkhipova» frå , den 17. juni 2021.
World Athletics
Kategori:Russiske hinderløparar Kategori:Russiske maratonløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012