mini|Ein x-axel med logaritmisk skala som strekkjer seg over over fire dekadar. Dekade (frå gresk δέκας, dekas, 'tital', via fransk decade) er eit tilhøve på 10.

Innan vitskapar som fysikk, astronomi og ingeniørfag er dekade mykje nytta som ein logaritmisk skala: ein dekade svarar til at to verdiar skil seg med ein faktor på (), to dekadar svarar til at verdiane skil seg med ein faktor på (), osb. Å nytta logaritmiske aksar, skalert i dekade (alternativt oktavar eller toerpotensar) gjer det mykje lettare å samanlikna verdiar som varierer over eit stort område.

Tidsepokar Når ein i historisk samanheng talar om tiår (ein dekade), hudreår (to dekadar) og tusenår (tre dekadar) nyttar ein i røynda ein slik logaritmisk skala. Di større tidsinterval ein studerer di nyttigare er det å skalera tida i dekadar. I samband med geologiske periodar er dette svært vanleg; ein million år svarar til 6 dekadar, 100 millionar pr svarar til 8 dekadar, osb.

Frekvens Frekvensaksen i eit bodediagram, til dømes, er skalert i dekadar. Ein dekade tilsvarar ein tierpotens , to dekadar tilsvarar to tierpotensar , osb.F.F. Kuo, Network analysis ans syntesis, John Wiley & Sons., 2. utg., 1966..

Referansar

Sjå òg Oktav Toerpotens Decibel

Kategori:Logaritmiske skalaer Kategori:Intervall Kategori:Greske ord og uttrykk