Heidi Nordby Lunde () er ein norsk skribent og politikar frå Oslo. Ho representerte partiet Høgre 0og valkrinsen Oslo i Stortinget frå 2013 til 2025.
Lunde var i mange år aktiv i Framstegspartiet, der ho markerte seg som marknadliberlist. I 2005 melde ho seg inn i partiet Høgre. Heile tingperioden 2013-17 møtte ho i Stortinget som vararepresentant for dåverande statsråd Ine Eriksen Søreide, Høgre-representant frå valkrinsen Oslo. Heile perioden hadde Lunde sete i Finanskomiteen. Frå 2017 hadde Lunde fast plass i Stortinget, også då vald frå Oslo, medlem i Arbeids- og sosialkomiteen. Valbolken 2021-25 var Lunde på ny medlem i Finanskomiteen. Stortingsvalet 2025 mista Høgre mange stortingsmandat. Lunde var ein av representantane som søkte attval, men vart sitjande med eit varamannsmandat.
2017-25 var Lunde leiar i Europabevegelsen i Norge.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heidi Nordby Lunde» frå , den 22. juni 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Oslo