Kelly Jade Sotherton () er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i mangekamp og i lengdehopp. Ho vann bronsemedaljen i sjukampen i Sommar-OL 2004 og Friidretts-VM 2007.
Aktiv Fyrst 25 år gammal fekk Sotherton plass i det britiske friidretts-landslaget. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 overraska ho stort og vann bronsemedaljen i sjukampen med sine 6 424 poeng. Ved hall-EM i Madrid i mars 2005 vart ho med 4 733 poeng nummer 2 i femkamp, berre svenske Carolina Klüft var betre. I meistermøtet i Götzis sanka Sotherton 6 547 poeng, livsbeste i sjukamp og ny andreplass bak Klüft. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki kom ho på femteplass i sjukamp og åttandeplass i lengdehopp.
I 2006 vann Sotherton sjukamptevlinga ved samveldeleikane i Melbourne med 6 396 poeng. Våren 2007 sette ho britisk rekord i femkamp med 4 927 poeng i hall-EM, som to år tidlegare enda ho på sølvplass bak Klüft. Under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka 2007 sikra ho seg med 6 510 poeng bronsemedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 6 424 poeng VM 2005 i Helsinki: Nr 5 i sjukamp – 6 325 poeng, og nr 8 i lengdehopp - 6,42 m EM 2006 i Göteborg: Nr 7 – 6 290 poeng VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje – 6 510 poeng OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 6 517 poeng
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kelly Sotherton» frå , den 2. juli 2021.
World Athletics
Kategori:Britiske mangekjemparar Kategori:Britiske lengdehopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008