Gemse (Rupicapra rupicapra) er ein dyreart i gemseslekta (Rupicapra), som vidare inngår i gruppa sauer og geiter (Caprini) og er ein del av kvegfamilien (Bovidae). Arten er utbreidd frå Dei franske Alpene austover via Alpane, Balkan, Tatrafjella, Karpatane og Dei pontiske fjella til Kaukasus. Gemse er også blitt introdusert til Argentina, Tsjekkia og New Zealand.

Taksonomi venstre|mini|Gemsegeit med killing, fotografert like vest for Dent Parrachée i Frankrike Mange reknar med to artar av gemsar og fleire underartar til kvar av desse, blant anna IUCN si raudliste.IUCN Redlist (2020) Rupicapra - Genus. The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2020-2. https://www.iucnredlist.org Det er likevel ingen konsensus kring talet på artar, og nokre autoritetar reknar fleire av underartane som sjølvstendige artar. Dette gjeld blant anna dei to oppslagsverka Handbook of the Mammals of the WorldColin Groves, David Leslie, Brent Huffman, Raul Valdez, Khushal Habibi, Paul Weinberg, James Burton, Peter Jarman & William Robichaud. Family Bovidae (Hollow-horned Ruminants). I Don E. Wilson, Russell A. Mittermeier (red.), Handbook of the Mammals of the World – Volume 2: Hoofed Mammals, pp. 886, pub. August 2011, Lynx Edicions, Barcelona, ISBN 978-84-96553-77-4 og feltguiden Bovids of the World: antelopes, gazelles, cattle, goats, sheep, and relatives.Castelló, José R. (2016) Princeton Field Guides – Bovids of the World: antelopes, gazelles, cattle, goats, sheep, and relatives. p. 458–465. Princeton University Press, Princeton and Oxford 2016. ISBN 978-0-691-16717-6

Biologi Kroppslengda til gemsen kan bli inntil 100–130 cm og skulderhøgda inntil 70–85 cm.Castelló, José R. (2016) Princeton Field Guides – Bovids of the World: antelopes, gazelles, cattle, goats, sheep, and relatives. p. 458–465. Princeton University Press, Princeton and Oxford 2016. ISBN 978-0-691-16717-6 Vekta varierer mykje og ligg rundt 14–62 kg (cirka 45 kg i snitt), avhengig av kjønn og underart. Begge kjønn har horn, som normalt mæler cirka 17–28 cm. Hornlengda varierer lite mellom kjønna, men står heller i tilhøve til den generelle storleiken på dyret.

Pelsen vekslar i farge med utbreiing og underart, frå nesten svart med raudleg grunnfarge, til nærast blakk beige med svarte og kvite innslag. Om sommaren er han raudbrun med eit lyst raudgult parti under og ein svartbrun rand langs ryggen. Om vinteren er dyret mørkbrunt eller brunsvart og buken kvit. Gemsar lever dels åleine og dels i mindre flokkar. Dei har velutvikla luktesans og høyrsle. Dyra klatrar lett i fjella, og kan til tider hoppa åtte meter langt.

Ei gruppe gemsar vart ein gong før 1924 sette ut ved Rjukan i Noreg, men dei døydde ut.Den Norske Turistforenings årbok 1939, s 203 https://www.dnt.no/aarbok/

Inndeling Inndelinga følgjer i hovudsak Faysal Bibi (2013) og IUCN si raudliste.Faysal Bibi. 2013. A multi-calibrated mitochondrial phylogeny of extant Bovidae (Artiodactyla, Ruminantia) and the importance of the fossil record to systematics. BMC Evolutionary Biology 2013, 13:166. DOI: http://dx.doi.org/10.1186/1471-2148-13-166IUCN Redlist (2020) Rupicapra - Genus. The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2020-2. https://www.iucnredlist.org

Artiodactyla, klauvdyr Bovidae, kvegfamilien Antilopinae, (antiloper, gasellar og deira næraste slektningar) Caprini, sauer og geiter Rupicapra, gemsar R. pyrenaica, pyreneargemse R. rupicapra, gemse R. r. rupicapra (nominatform), alpegemse er utbreidd i Alpene (Austerrike, Tyskland) og Jurafjella (Sveits, Frankrike) R. r. cartusiana, chartreusegemse er utbreidd i Chartreuse-massivet i Savoie-Alpane R. r. balcanicax, balkangemse er utbreidd i Albania, Bulgaria, Hellas R. r. tatrica, tatragemse er utbreidd i Tatrafjella (Polen og Slovakia) R. r. carpatica, karpatgemse er utbreidd i Sør-Karpatane (Dei transilvanske alpane) og Karpatane (mogleg sjølvstendig art) R. r. asiatica, anatoliagemse er utbreidd i det austlege og nordaustlege Anatolia i Tyrkia og langs grensa mot Georgia (mogleg sjølvstendig art) R. r. caucasica, kaukasusgemse er utbreidd i Store Kaukasus (Sør-Russland, Georgia og Aserbajdsjan)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gemse» frå , den 7. juli 2021.

Kategori:Geiteantiloper Kategori:Pattedyr i Europa Kategori:Pattedyr i Russland Kategori:Dyr på New Zealand