«Dreamy Lady» er ein song frå 1975 av det britiske glamrockbandet T. Rex, men gjeven ut på singel under namnet «T. Rex Disco Party». Songen kom ut i 1976 på albumet Futuristic Dragon. B-sida består av coverversjonar av songane «Do You Wanna Dance?», opphavleg av Bobby Freeman, og «(Sittin' On) The Dock of the Bay», opphavleg av Otis Redding. Den sistnemnde av desse vert sungen av Gloria Jones, produsert av Bolan. Singelen er eit kraftig steg til sides for «T. Rex-stilen» og påverka av disco. Demoversjonar av songen vart framført i reggaestil.
Singelen låg fem veker inne på UK Singles Chart og nådde 30. plassen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dreamy Lady» frå , den 16. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:T. Rex-songar Kategori:Songar skrivne av Marc Bolan Kategori:Songar produserte av Marc Bolan Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar frå 1975