Kamilleblom eller berre kamille er ein art i kamilleblomslekta. Dette er ein eittårig plante som blir 15-60 cm høg. Han er kjenneteikna av ei god lukt som kan minna om eple.

Ein har brukt kamille til urtemedisin mot ei rekkje plager, særleg knytt til fordøyingssystemet og livmora men også mot ulike smerter, sår, kløe, depresjon og søvnproblem.

Kamille er nasjonalblomen til Russland.

Namn Ordet «kamille» kjem via latin chamomilla frå gresk khamaimelon, 'jordeple'. Namnet viser til lukta. Det latinske ordet matrix kan tyda 'livmor', og slektsnamnet Matricaria viser til at planten historisk blei brukt mot ulike gynekologiske plager og i samband med fødsel.

Andre norske namn på planten er tysk kamille, kannelblom, kvitblom og moderurt.

Skildring Sjølve blomen har gule skivekroner og kvite randkroner.

Alle artane i kamilleblomslekta har blomekorgar som liknar mykje på dei i krysantemumslekta. Artane i kamilleblomslekta skil seg ut gjennom findelte blad med nesten trådsmale flikar. Blomefestet til kamilleblomeslekta er meir opphøgt og kjegleforma , og hjå kamilleblom er det også holt. Tungekronene vil etter kvart bøya seg nedover.

Utbreiing Planten voks opphavleg vilt i Eurasia og Nordvest-Afrika. Han finst no også naturalisert i USA og Australia. Ein dyrkar kamille kommersielt i land som Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, Tyskland, Tyrkia, Spania, Egypt og Argentina. I nokre land veks han som ugras i åkrar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kamilleblom» frå , den 19. juli 2021.

Bakgrunnsstoff

Kamille – en av våre mest velgjørende urter. Artikkel av Rolv Hjelmstad ved rolv.no.

Kategori:Medisinplantar Kategori:Korgplantefamilien Kategori:Nasjonalblomar Kategori:Russiske nasjonalsymbol