«What Goes On» er ein song av The Velvet Underground. Det var den einaste singelen deira frå albumet The Velvet Underground frå 1969.

Songen vart spelt inn i 1968 i T.T.G. Studios i Hollywood.Discogs - T.T.G. Studios (Hollywood) profile and discography

Eit konsertopptak av songen med Doug Yule på klaverinstrument kom ut på det doble konsertalbumet 1969: The Velvet Underground Live.Unterberger (2009)

Medverkande Lou Reed – solovokal, elektrisk & akustisk gitar (inkludert solo) Doug Yule – bass, Vox Continental-orgel, korvokal Sterling Morrison – elektrisk gitar (inkludert solo) Maureen Tucker – trommer

Andre versjonar Doctors of Madness brukte å spele songen på konsertar i 1977 og 1978. Roxy Music-songaren Bryan Ferry spelte inn «What Goes On» (med element av «Beginning to See the Light») på soloalbumet sitt The Bride Stripped Bare i 1978.

Orgelriffet på «What Goes On» vart nytta i Talking Heads-songen «Once in a Lifetime» i 1980 på albumet deira Remain in Light.

Songen vart spelt inn av The Feelies i 1988 på albumet deira Only Life, Elizabeth Mitchell i 2006 på albumet hennar You Are My Little Bird, The Screaming Trees i 2009 på samlealbumet Unpiecing the Jigsaw - A Tribute to The Velvet Underground«Unpiecing the jigsaw: A Tribute to The Velvet Underground» by Dave Thompson, AllMusic.com og The Dils på fleire konertalbum.

Jim Kerr spelte inn songen som B-side til «Shadowland» i 2010, og seinare på ei spesialutgåve av albumet Lostboy! AKA Jim Kerr.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «What Goes On (Velvet Underground song)» frå , den 20. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Velvet Underground-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Eksperimentelle rockesongar Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:Songar om narkotika Kategori:Bryan Ferry-songar