The High Road er ein konsert-EP av det engelske rockebandet Roxy Music. Opptaket vart gjort i Apollo i Glasgow i Skottland den 30. september 1982 under Avalon-turneen. Det inneheld fire spor. To av songane var coverversonar, inkludert hitversjonen deira av John Lennon-songen «Jealous Guy» og Neil Young sin «Like A Hurricane». Ein song frå ei soloplate av Bryan Ferry, «Can't Let Go», kom òg ut, opphavleg frå The Bride Stripped Bare. Den einaste andre songen då var «My Only Love» frå Flesh + Blood, med ein lengre solo. EP-en nådde 26. plassen på UK Album Charts.

Trass i at det har same tittel og omslag, er opptaka på dette albumet ikkje det same som på videoen/DVD-en High Road, som var spelt inn i Fréjus i Frankrike den 27. august 1982. Dei fire songane frå EP-en kom sidan ut på konsertalbumet Heart Still Beating (1990) blanda inn med resten av songane frå Fréjus-konserten.

Innhald

Medverkande Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument Phil Manzanera – gitar Andy Mackay – saksofon, obo

Andre medverkande Neil Hubbard – gitar Guy Fletcher – klaverinstrument Alan Spenner – bass Andy Newmark – trommer Jimmy Maelen – perkusjon Tawatha Agee – korvokal Michelle Cobb – korvokal Fonzi Thornton – korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The High Road (Roxy Music EP)» frå , den 22. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:EP-ar frå 1983 Kategori:Konsertalbum frå 1983 Kategori:Roxy Music-album Kategori:Album produserte av Rhett Davies