Wang Zheng () er ein kinesisk friidrettsutøvar frå Xi'an som tevlar i sleggjekasting. I tida 2013-19 vann ho tre VM-medaljar i øvinga, ein sølvmedalje i London i 2017 og to bronsemedaljar. År 2021 fekk ho sølv i dei olympiske sommarleikane i Tokyo.

Aktiv Wang vart nummer 4 med 74,90 meter og personbeste under VM 2013, ei plassering som sidan vart omgjort til bronse etter at det vart godtgjort at vinnaren i tevlinga hadde vore dopa i 2012 og skulle ha vore stengt ute frå tevling. 29. mars 2014 kasta Wang i Chengdu sleggja heile 77,68 meter, hennar livs lengste kast. Etter femteplass i VM 2015 sikra ho seg sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen 2017 i London, slått med knappe 2 meter av polske Anita Włodarczyk. I VM 2019 fekk Wang hand om bronsen, langt bakom verdsmeister DeAnna Price frå USA og Joanna Fiodorow frå Polen. Sommaren 2021 deltok Wang i Sommar-OL for tredje gong og lukkast vinne ein olympisk medalje i sølv.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (65,64 m=nr 32) VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 74,90 m VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 73,83 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 12 VM 2017 i London: Sølvmedalje – 75,98 m, bakom Anita Włodarczyk (77,90 m) VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 74,76 m OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 77,03 m, bakom Anita Włodarczyk (78,48 m) VM 2023 i Budapest: Nr 8 – 72,14 m OL 2024 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (66,92 m=nr 28)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wang Zheng (Leichtathletin)» frå , den 24. juli 2021.

World Athletics

Kategori:Kinesiske sleggekastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kina Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020