Alan Barnes () er ein engelsk jazz-saksofonist og klarinettist.Alan Barnes Biography www.allmusic.com
I 1980 spelte han med The Midnight Follies Orchestra og året etter var han med Pasadena Roof Orchestra, som turnerte i Europa fram til 1983. Det året slutta han og vart med i hardbop-bandet til Tommy Chase, der han gjorde seg kjend i det britiske jazzmiljøet for første gongen. Han slutta å spele for Chase i 1986 for å dels leie The Jazz Renegades i lag med rocketrommeslagaren Steve White. Dei spelte fire album i lag.
I 1985 spelte han inn det første albumet sitt som leiar i lag med Tommy Whittle – Straight Eight og som leiar av sin eigen kvartett i 1987 - Affiliation med pianisten David Newton. I 1988 tok han over for Bruce Turner i bandet til Humphrey Lyttelton, der han var fram til 1992. Mello 1987 og 1997 leia han òg Pizza Express Modern Jazz Sextet i lag med Gerard Presencer og Dave O’Higgins. Etter han slutta i Humphrey Lyttelton band, var han stort sett frilansar.
I 1999 turnerte han i Amerika og Europa med bandet til Bryan Ferry, før han vende attende til USA i 2000 for å spele i lag med Warren Vache. I 2001 fekk han BBC Jazz Instrumentalist of the Year. Dei neste ti åra spelte han fast med BBC Big Band and Radio Orchestra. Barnes har òg vore studiomusikar på albumet av Selina Jones, Björk, Van Morrison, Bryan Ferry og har spelt musikk for film, fjernsyn og reklamar.Alan's Biography Page
Diskografi Som leiar eller sidemann 1987: Affiliation (Miles) 1993: Side-Steppin (Big Bear) 1995: Thirsty Work (Fret) 1995: Here Comes Trouble (Fret) 1995: Let's Face The Music (Big Bear) 1998: Below Zero (Concord) 2000: Cannonball (Asc) 2000: The Pollwinners Playing Girl Talk (Zephyr) 2002: If You Could See Me Now (Zephyr) 2003: Better Late Than Never (Woodville) 2003: Swingin' the Samba (Woodville) 2003: The Sherlock Holmes Suite (Woodville) 1998: A Dotty Blues (Zephyr) 1999: Memories of You (Zephyr) 1999: Jumpin (Zephyr)The encyclopedia of popular music - Volume 1 - Page 430 Colin Larkin - 2006 with Vache, Coe Jumpin' (Zephyr 2000) 2004: The Marbella Jazz Suite (Big Bear) 2005: Yeah! (Specific Jazz) 2006: Blessing in Disguise (Woodville) 2011: Inside Out (Woodville) 2014: The Cobbler's Waltz (Woodville) 2014: Live at the Watermill (Woodville) 2015: One for Moll (Woodville) 2015: A Jazz Christmas Carol (Woodville) 2006: Zootcase (Woodville) 2015: Oh Gee (Woodville)
Med Tony Coe 1998: Shine (Zephyr) 1998: Days of Wine and Roses (Zephyr)
Med John Horler 2004: Stablemates (Woodville)
Med Brian Lemon 1996: A Sleeping Bee (Zephyr) 1997: Young Minds–Old Hands (Zephyr) 1997: Play Jerome Kern: Yesterdays (Zephyr)
Med David Newton 1993: Like Minds (Fret) 2000: Summertime (Concord) 2001: Manhattan feat. Conte Candoli (Concord)
Med Alan Plater 2004: Songs for Unsung Heroes (Woodville) 2006: Seven Ages of Jazz (Woodville)
Med Martin Taylor 2011: Two for the Road (Woodville)
Som gjesteartist 1995: Post – Björk (One Little Indian) 1989: Avalon Sunset – Van Morrison (Polydor/Umgd) 1985: Straight Eight – Tommy Whittle (Miles Music) 1996: Off Beaten Track – Mick Talbot & Steve White (New Note) 1997: The Don Weller Big Band Live (33 Jazz) 1997: Revisited – Jim Richardson's Pogo (Spotlite) 1997: Lay 'em Straight! – Humphrey Lyttelton (Calligraph) 1998: Bootleg Eric – David Newton og Clark Tracey (Asc) 1999: As Time Goes By – Bryan Ferry (Virgin) 2000: John Williams' Baritone Band – John Williams' Baritone Band (Spotlite) 2003: Live and Swinging – Pete York Jazz All Stars (Nagel Heyer) 2004: Twentysomething – Jamie Cullum (Verve) 2007: Barnestorming – Alan Barnes/Harry Allen (Woodville) 2007: Nine Songs – Don Weller/Bobby Wellins (Trio) 2013: Ninick - Remi Harris (Big Bear) 2015: The Kofi/Barnes Aggregation with Tony Kofi (Woodville)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alan Barnes» frå , den 24. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Engelske jazzsaksofonistar Kategori:Engelske jazzklarinettistar Kategori:Folk frå Altrincham