mini|'Storm på Genesaretsjøen' av Rembrandt (1633). Maritim kunst er ei form for biletkunst som skildrar eller er sterkt inspirert av havet. Maritime måleri er ein sjanger som skildrar skip og sjø, og var særleg viktig som sjanger frå 1600- til 1800-talet.Contemporary American Marine Art by American Society of Marine Artists, Richard V. West, American Society of Marine Artists, Cummer Museum of Art and Gardens, Charles and Emma Frye Art Museum, Published by University of Washington Press, 1997 , 9780295976563 (accessed Jan. 15, 2009 on Google Book Search) Omgrepet dekker også ofte kunst som viser skipsfart på elvar og elvemunningar, strandscener og all kunst som viser båtar, utan noka skarp avgrensing – av praktiske årsaker kan emne som kan teiknast eller malast frå tørt land vera særs passande innan sjangeren.Cordingley, D., Marine art i Grove Art Online. Henta 2. april 2010 mini|Ukiyo-e-trykk av Båtar i snø Skip og båtar har blitt avbilda i kunst frå dei tidlegaste tidene, men marin kunst byrja berre å bli ein distinkt sjanger, med spesialiserte kunstnarar, mot slutten av mellomalderen. Han fanst då mest i form av «skipsportrettet», ein type arbeid som framleis er populært og konsentrerer seg om å visa eit enkelt fartøy. Då landskapsmåleriet utvikla seg under renessansen, blei det som kunne kallast det marine landskapet eit viktigare element i verk, men reine landskap var ikkje vanlege før seinare. mini|Willem van de Velde den eldre Royal Prince blir teken under Firedagersslaget, 1666. Maritim kunst, særleg maritime måleri, som ein eigen sjanger skild frå landskapskunst, byrja for fullt med nederlandsk gullaldermåleri på 1600-talet.Russell, Margarita: Visions of the Sea: Hendrick C. Vroom and the Origins of Dutch Marine Painting. (Leiden: Brill Academic Publishers, 1983)Keyes, George S.: Mirror of Empire: Dutch Marine Art of the Seventeenth Century [exh. cat.]. (Minneapolis: Minneapolis Institute of Arts; Cambridge: Cambridge University Press, 1990)Giltaij, Jeroen; Kelch, Jan; et al. (eds.): Praise of Ships and the Sea: The Dutch Marine Painters of the 17th Century [exh. cat.]. (Rotterdam: Museum Boijmans Van Beuningen, 1997) Maritime måleri var ein viktig sjanger innan nederlandsk gullaldermåleri, noko som gjenspeglar kor viktig utanlandsk handel og sjømakt var for den nederlandske republikken. Denne perioden hadde dei første spesialiserte maritime kunstnarane, som måla lite anna. I dette, som i mykje anna, har spesialist- og tradisjonelt marinemåleri i stor grad vidareført nederlandske konvensjonar til i dag. Med romantisk kunst blei havet og kysten teken tilbake frå spesialistane av mange landskapsmalårar, og verk utan nokre fartøy blei vanlege for første gong.
Maritim kunst fram til 1400 venstre|mini|Sivbåtpetroglyf ved Gobustan. Fartøy på vatnet har vore skildra i kunst frå dei eldste tidene. Dei tidlegaste kjente verka er helleristingar frå 12 000 f.Kr. som viser sivbåtar i det som no er Gobustan statlege historisk-kunstnariske reservat i Aserbajdsjan, som då var på breidda av det mykje større Kaspihavet. Helleristingar og utskorne gjenstandar som viser skip er funne på fleire øyar i Egearhavet (Andros, Naxos, Syros, Astypalaia, Santorini) og dessutan Fastlands-Hellas (Avlis), frå 4000 f.Kr. og seinare.
Både menn og gudar blir viste på elvebåtar i gammal egyptisk kunst; desse båtane var som regel laga av papyrus, men frakostane brukte av faraoane var av kostbar importert sedertre, som det 43,6 m (143 fot) lange og 5,9 m (19,5 fot) breie Khufu-skipet frå ca. 2500 f.Kr. Fresker av Nil-landskap i egyptiske graver graver viser ofte scener der ein driv jakt på fuglar frå båtar i Nildeltaet, og gravgods omfattar mellom anna detaljerte modellar av båtar og mannskapa deira for bruk i etterlivet. Det sentrale kultbildet i egyptiske tempel var vanlegvis ein liten skikkelse av guden som sat i ein slags lekter eller bark. mini|Odysseus og sirenene. Bilde på eiattisk raud-figur-krukke frå ca. 480-470 f.Kr. Skip opptrer ein del i antikke greske vasemåleri, særleg når det er relevant i ein forteljande samanheng, og også på myntar og andre samanhengar, men med lite forsøk på å visa eit havlandskap. Som i egyptisk måleri kan vassoverflata vera indikert med ein serie parallelle bølgja linjer. Det romerske måleriet i antikken, truleg med utgangspunkt i greske tradisjonar, viser ofte landskapet frå land over ein innsjø eller bukt med fjernt land i horisonten, som i dei berømte Ulysses-måleria i Vatikanmusea. Vatnet er vanlegvis roleg, og gjenstandar som er heilt eller delvis nedsenka kan visast gjennom vatnet.Russell, 4 Den store Nil-mosaikken i Palestrina (1. hundreåret f.Kr.) er ein versjon av slike komposisjonar, med sikte på å visa heile elveløpet.
Frå seinantikken til slutten av mellomalderen har ein avbilda maritime motiv når ein trengde dei for å framstilla ei viss forteljing, men danna ikkje ein eigen sjanger i vesten, eller i asiatiske tusjmåleri der båtar likevel var vanlege motiv. Som maritime høgdepunkt frå mellomalderen Marikan ein nemna Bayeuxteppet frå 1000-talet, som viser skip brukte under den normanniske erobringa av England. Frå 1100-talet av hadde hamner ofte segl med «skipsportrett» på.Russell, 51 Skip kunne også vera bilde på kyrkja, som i den tapte Navicella-mosaikken til Giotto over inngangspartiet til den gamle Peterkyrkja i Roma, men slike framstillingar har vanlegvis relativt lite interesse frå eit reint maritimt synspunkt.Hall, 84-85
Ei elv med ein liten båt eller to i var ein standardkomponent i kinesiske tusjmåleri, og mange viste innsjøar og sjeldnare kystutsyn. Likevel blei vatn ofte etterlate som eit kvitt mellomrom, med vekt på landelementa i scenen. Den meir realistiske hoffskulen for kinesisk måleri inkluderte ofte nøye skildringar av skipsfarten på dei store elvene i Kina i dei store horisontale rullane som viser panorama av byscenar med keisarane som dreg gjennom riket, eller av høgtider.
1400-talet venstre|mini|Vittore Carpaccio, 'Pilgrimar kjem til Köln', 1490. Det byrja veksa fram ein tydeleg tradisjon i det tidlege nederlandske måleriet, med to tapte miniatyrar i Torino-Milano-tideboka, truleg av Jan van Eyck i rundt 1420, viser eit stort sprang i skildringa av havet og vêret. Han hadde også reine havlandskap, somReisa til heilage Julian og Marta,Kren, 84, note 1. Châtelet, 34–35 and 194–196 – both are illustrated there. men begge sidene blei øydelagde i ein brann i 1904, og overlever berre på svart-kvitt-fotografiar. I resten av 1400-talet var illuminert manuskriptmåleri det viktigaste mediet for marinemåleri, og i Frankrike og Bourgogne spesielt blei mange kunstnarar dyktige i stadig meir realistiske skildringar av både hav og skip, brukt i illustrasjonar av krigar, romansar og hoffliv, så vel som religiøse scener. Scener med små lystbåtar på elvar finst nokre gongar i kalenderminiatyrar frå tidebøker av kunstnarar som Simon Bening.
I gotisk kunst fanst metallarbeidet nef, eit stort gullsmedarbeid med form som eit skip, som rikfolk kunne bruka til å halda bestikk, salt eller krydder. Opphavleg bestod det berre av eit skrog, men frå 1400-talet kunne skipa ha master, segl og tilmed mannskap. Då eksotiske Nautilus-skjel byrja bli innførte til Europa kunne desse bukast til skrog, som i Burghley Nef frå rundt 1528. Lengre nede i samfunnet kunne ein uttrykka interesse for skipsfart gjennom tidlege trykksaker av skip. Dei eldste er laga av Meister W med nykkel, som stod bak fleire graveringar av skip. Ei tid fanst slike «skipsportrett» berre som trykk og teikningar, og viste typisk eit skip utan mannskap, sjølv med fulle segl. Dei hadde også vanlegvis den låge horisonten som ein fyrst ville få i måleri på 1600-talet.Russel, 53 Det fyrste trykket av eit marineslag er eit enormt (548 x 800 mm) tresnitt av slaget ved Zonchio i 1499 mellom venetianarane og Det osmanske riket. Den einaste avbildinga av dette som er att er farga med stensilar; dei fleste blei truleg limt opp på veggar.McDonald, 104-105,British Museum highlights Det eldste samanliknbare måleriet som overlever blei laga fleire tiår seinare.The Greenwich Portuguese carracks - see next section.
På same tid var kunstnarar ofte involverte i utviklinga av vestleg kartografi, og meir bevisste enn det som alltid kan verka tydeleg av tids vitskaplege og nautiske framsteg. I følgje Margarita Russell viser eit av Erhard Reuwich sine tresnitt frå den første trykte reiseboka (1486) eit forsøk på å visa forståinga si av krumminga til jorda med eit skip halvt synleg i horisonten. Dei mange kystutsiktene i tresnitta av boka er viktige i utviklinga av slike framstillingar.Russell, 24-32 Fugleperspektivplanar for byar, ofte ved kysten, som ein i dag vanlegvis vurderte som kartografi, blei ofte laga av kunstnarar og rekna like mykje som kunstverk som kart av samtidige.Russell; this is the main theme of here chapter 2, especially pp. 45-46
Italiensk renessansekunst viste maritime scener når det var nødvendig, men bortsett frå den venetianske kunstnaren Vittore Carpaccio var det få kunstnarar i dette eller det neste hundreåret som ofte kom tilbake til slike scener, eller gjorde det med spesiell kjensle. Carpaccio sine scenar viser venetianske kanalar eller kaianlegg; hans Soga om heilage Ursula viser fleire avreiser og kome. I dei tysktalande landa er Det vidunderlege kastet (1444) av Konrad Witz både det fyrste landskapsmåleriet til å visa ein gjenkjenneleg landleg stad, og eit stemningsfullt utsyn over Genfersjøen.
1500-talet venstre|mini|Peter Brueghel, 'Marineslag i Napolibukta', ca. 1558 Den nederlandske tradisjonen med «verdslandskap», ei panoramautsikt frå eit svært høgt synspunkt, blei innført av Joachim Patinir i 1520-åra, byrja nok ein gang å inkludera eit breitt vassområde på ein ganske liknande måte som dei klassiske måleria, som desse kunstnarane ikkje kan ha kjende. Desse måleria var i det vesentlege landskap i form av historiemåleri, med små figurar som vanlegvis representerte eit religiøst emne. Eit sterkt marint element var derfor til stades då landskapsmåleriet byrja opptre som ein eigen sjanger. Den protestantiske reformasjonen avgrensa kraftig bruken av religiøs kunst, og akselererte utviklinga av andre sekulære typar kunst i protestantiske land, inkludert landskapskunst og sekulære former for historiemåleri, som begge kunne omfatta marin kunst. mini|Landskap med fallet til Ikaros, no rekna som ein god tidleg kopi av originalen til Bruegel. Eit viktig verk av ein flamsk «læresvein av Patenir» er 'Dei portugisiske brakkene ved ein steinete kyst' frå rundt 1540 (787 x 1447 mm), ved National Maritime Museum i Greenwich i London, er blitt kalla det eldste reine maritime måleriet.Russell, 40-41, og Grove Dette viser truleg møtet mellom to små flåtar som er med på å eskortera ei portugisisk prinsesse som skal gifta seg; ein type seremonielt maritimt motiv som blei verande vanleg innan hoffkunst til slutten av 1600-talet, sjølv om det oftare synte ombordstigning eller framkome.National Maritime Museum ; sjå òg Grove. Eit anna døme er eit måleri i britiske Royal Collection som viser Henrik VIII som legg ut mot Gullbrokadeleiren og som er typisk i at det viser skipa tydeleg frå sida, utan forsøk på å tilpassa det til det høge synspunktet.Russel, 53 venstre|mini|'Henrik VIII legg ut ved Dover' Ein flott fargelagt teikning av Hans Holbein den yngre av eit skip overfylt med fulle landsknektar blei kanskje gjort som ei førebuing til eit veggmåleri i London. Dette nytter det låge synspunktet som er typisk for skipsportrettet.Stadel, Frankfurt, Holbein drawing, see also Russell, 53, and illus. p.54