Bommen var ein liten kanal i Risør. Kanalen låg der Havnegata går i dag opp til Storgata. Han var farbar berre med små båtar og vart truleg lagt att etter bybrannen i 1861.
I dag blir namnet «Bommen» nytta om naturhamna aust for Risør sentrum. På folkemunne går ho under namnet «Pjolter bay». Kjelder
Kategori:Geografi i Risør