Kalambo er ei elv som utgjer ein del av grensa mellom Zambia og Tanzania. Ho er ei forholdsvis lita elv som har kjelde i høglandet nordaust for Mbala i Zambia, i ei høgd på om lag 1800 meter over havet. Ho renn gjennom Albertinerifta før ho munner ut i den søraustlege enden av Tanganyikasjøen, om lag 770 meter over havet. Lengda er om lag 50 km målt i rett linje. Dette inkluderer dei kjente Kalambofalla, som er den nest høgaste fossen i Afrika etter Tugelafalla i Sør-Afrika. Kalamboelva skjer seg ned i ei djup kløft nedanfor fossen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kalambo» frå , den 11. august 2021. oppgav desse kjeldene: UNESCO, World Heritage Centre, Kalambo falls archaeological site (prehistoric settlement site), 11/06/1997. Forestry. Encyclopædia Britannica. 2006. Encyclopædia Britannica online. Besøkt 17. juni 2006.
Kategori:Elvar i Tanzania Kategori:Elvar i Zambia Kategori:Kongobassenget