«Weeping Wall» er eit instrumentalt stykke av David Bowie frå albumet hans Low, gjeve ut i 1977.
Bowie har sagt at sporet er meint å framkalle elendigheita Berlinmuren skapte, og er eit portrettstykke som dei andre spora på side to av Low.Tim Lott (1977). Interview. Record Mirror (September 1977) cited at BowieGoldenYears Hovudmelodien er ei utgåve av melodien «Scarborough Fair».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.89
Bowie speler alle instrumenta på innspelinga og er det einaste solosporet på albumet. Dette omfattar fleire perkusjonsinstrument og synthesizerar. Ein kan òg høyre røysta hans i eit ordlaust refreng. Den minimalistiske stilen skal vere inspirert av komponisten Steve Reich. I følgje Reich hadde Bowie vore på den europeiske premieren av Music for 18 Musicians ved Nasjonalgalleriet i Berlin i 1976. «Og eg trur 'Weeping Wall' på Low tildels er basert på det,» har Reich sagt. Bowie sjølv hugsa han såg Music for 18 Musicians framført i «sentrum av New York seint i 1970-åra» og skildra det som «balinesisk gamelan-musikk kryssa med minimalisme... Forbausande.»
Brian Eno og NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har meint at «Weeping Wall» byrja som ein del av det skrinlagde filmusikkprosjektet for The Man Who Fell to Earth, medan Bowie sjølv har sagt at stykket vart komponert spesifikt for Low.Hugo Wilcken (2005). Low: p.16
Medverkande David Bowie – vokal, gitar, vibrafon, xylofon, synthesizer, piano, Chamberlin, perkusjon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Weeping Wall (instrumental)» frå , den 14. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1977 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar skrivne av David Bowie