Arne Wilhelm Sorteberg () er ein norsk medisinar og tidlegare friidrettsutøvar. Han vann 7 NM-gull i stavhopp i åra 1969–1978, og sette fleire noregsrekordar.

Bakgrunn Wilhelm Sorteberg er soneson til Wilhelm W. Sorteberg. Foreldra hans var Asbjørn Sorteberg (1911-1991), tilsett ved Landbrukshøgskulen på Ås, og Agnes f. Dyrnes frå Smøla.Gards-og ættesoge for Vestsmøla.

Han er gift med Angelika Sorteberg, som også er lege, og dei to har samarbeidd om fleire forskingsprosjekt. Idrettskarriere

Sorteberg representerte Ås IL og Kamp-Vestheim.

Han sette noregsrekord i stavhopp på 4,82 i 1973, forbetra til 4,85 same året. I 1975 sette han ny rekord med 4,90, før han braut femmetersgrensa med 5,01 i 1976. Den forbetra rekorden på 5,05 sett seinare det året blei ståande fram til 1989, då Trond Barthel sette ny rekord på 5,10.

NM-medaljar Plassering Grein ÅrGull Stav 1969, 1970, 1973, 1974, 1976, 1977, 1978Bronse Stav 1972

Medisinsk karriere Sorteberg tok doktorgrad i medisin i 1993 med avhandlinga Methodological and technical advances in transcranial Doppler ultrasonography. Han har seinare gjeve ut ei rekkje vitskaplege artiklar. I 2015 fekk han Monrad Krohns hederspris for forskinga si på blodgjennomstrøyminga i hjernen.

Han er seksjonsoverlege ved Oslo universitetssykehus.

Referansar

friidrett.no: NM Stav menn.

Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Sorteberg (friidrettsutøver)» frå , den 5. september 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske stavhopparar Kategori:Norske kirurgar