Wilhelm Wilhelmsson Sorteberg () var ein gardbrukar og ordførar frå Krødsherad i dåverande Buskerud fylke.

Sorteberg tok over farsgarden Surteberg på vestsida av Krøderen etter far sin, Wilhelm Asbjørnsson Sorteberg. Sjølv var Wilhelm W. med i styringa av Krødsherad, ordførar i heradet valbolkane 1923-25 og 1926-28. I den nasjonale politikken sokna han til Venstrepartiet.

Stavhopparen Wilhelm Sorteberg er eit barneborn av Wilhelm W. Sorteberg.

Kjelder slektogdata.no Krødsherad Bind II. Bygdehistorie. 1976

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Ordførarar i Krødsherad Kategori:Venstreordførarar i Buskerud