Tin Machine-turneen var ein konsertturné av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Turneen starta 14. juni 1989, etter ei framføring av «Heaven's in Here» på International Music Awards i New York City den 31. mai 1989. Turneen bestod av 12 konsertar i seks land (USA, Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike, Storbritannia) på spelestader med kapasitet til 2 000 menneske eller mindre. Kevin Armstrong var med bandet på scenen og dei spelte heile den sjølvoppkalla debutplata si med unntak av «Video Crime», i tillegg til coversongar av Bob Dylan og Johnny Kidd & The Pirates.
Detaljar Bandet spelte i «fasjonable svarte dressar» føre eit skarpt lys, som stod i skarp kontrast til den førre turneen til Bowie. Konserten den 17. juni vart lagt til i siste minutt då Bowie såg dei lange køane for å kjøpe billettar til konserten 16. juni. Konserten var ved midnatt (teknisk sett kvelden 16. juni) og bilettane vart selde til halv pris. For konserten 24. juni i Amsterdam, vart det reist videoskjermar utafor spelestaden for dei som ikkje hadde fått tak i billett.Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, Videoen for «Maggie's Farm» vart spelt inn på same spelestad.
Konsertopptak Konserten 25. juni i La Cigale i Paris vart spelt inn og utdrag vart kringkasta på Westwood One FM-radio. Fire songar frå den same konserten vart gjevne ut som B-sider til singlane frå 1989: «Tin Machine» og «Prisoner of Love.» Åtte songar frå konserten kom sidan ut digitalt på albumet Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989 i august 2019, i samband med 30-årsjubileet til debutplata. Den digitale utgjevinga var mastra av den originale plateprodusenten Tim Palmer.
Mottaking Los Angeles Times skreiv ei positiv melding om den første konserten til Tin Machine på turneen i New York City, og sa «bandet var fulle av liv, heftig og frekk, godmodig og smart.» Rolling Stone skreiv at fansen som gjekk for å sjå «The Thin White Duke syngje 'Young Americans'» fekk ei brå oppvaking då Bowie ikkje spelte «no oldies, no encores and no apologies» («ingen gamle [songar], ingen ekstranummer og ingen unnskuldingar»). Reaksjonane til dei amerikanske konsertane var blanda blant fansen og kritikarane følte at nærleiken til Bowie ofte var meir spanande enn musikken bandet spelte. Til slutt skreiv Rolling Stone at det var nærværet til Bowie som «heva songane frå gjennomsnittleg grunge til teatralsk avant-garasje-rock», og sa seinare at det var med å skaffe Bowie attende noko av kredibiliteten han hadde mista under det førre albumet og turneen.
Turnéband David Bowie – vokal, gitar Reeves Gabrels – gitar Tony Sales – bassgitar, vokal Hunt Sales – trommer, vokal Andre medverkande Kevin Armstrong – rytmegitar (Blah Blah Blah, Tin Machine, Tin Machine II)
Konsertar 14. juni 1989 The World – New York City, USA Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Amazing, Working Class Hero, Tin Machine, Sorry,Prisoner of Love, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, I Can't Read, You've Been Around, BabyCan Dance, Run, Crack City, Pretty Thing, Under The God 16. juni 1989 The Roxy – Los Angeles, United States Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Amazing, Working Class Hero, Tin Machine, Prisoner ofLove, Sorry, Bus Stop, Bus Stop (countryversjon), Run, I Can't Read, Baby Can Dance, Pretty Thing,Crack City, Under The God 17. juni 1989 The Roxy – Los Angeles, California, USA Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Working Class Hero, Sorry, Bus Stop (countryversjon),Bus Stop, I Can't Read, Run, Pretty Thing, Crack City, Baby Can Dance, Under The God 21. juni 1989 Saga Rockteatre – København, Danmark Setliste: Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Amazing, Working Class Hero, Tin Machine, Prisoner ofLove, Sorry, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, I Can't Read, Baby Can Dance, Pretty Thing,Crack City, Under The God 22. juni 1989 Docks – Hamburg, Tyskland Setliste: Amazing, Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Working Class Hero, Tin Machine, Sorry,Bus Stop, Bus Stop (countryversjon), Run, Maggie's Farm, Baby Can Dance, I Can't Read, PrettyThing, Crack City, Under The God 24. juni 1989 Paradiso – Amsterdam, Nederland Setliste: Amazing, Sacrifice Yourself, Heaven's in Here, Working Class Hero, Prisoner of Love,Tin Machine, Sorry, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, Maggie's Farm, I Can't Read,Baby Can Dance, Pretty Thing, Crack City, Under The God 25. juni 1989 La Cigale – Paris, Frankrike Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Sacrifice Yourself, Working Class Hero, Prisoner of Love, TinMachine, Sorry, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, Maggie's Farm, I Can't Read, Baby CanDance, Pretty Thing, Crack City, Under The God Oppvarming: La Place (Frankrike) 27. juni 1989 The Town & Country Club – London, England Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Sacrifice Yourself, Working Class Hero, Prisoner of Love, Sorry,Bus Stop, Run, Maggie's Farm, I Can't Read, Baby Can Dance, Pretty Thing, Crack City, Under The God Oppvarming: Jesus Jones (Storbritannia) 29. juni 1989 National Ballroom – London, England Setliste: Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Amazing, Working Class Hero, Sacrifice Yourself,Heaven's in Here, Prisoner of Love, Sorry, Now, Run, Baby Can Dance, Tin Machine, Maggie'sFarm, I Can't Read, Shakin' All Over, Pretty Thing, Crack City, Under The God 1. juli 1989 Newport Leisure Centre – Newport, Wales Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Sacrifice Yourself, Working Class Hero, Prisoner of Love, Sorry,Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Shakin' All Over, Run, Baby Can Dance, I Can't Read, Maggie'sFarm, Pretty Thing, Crack City, Under The God 2. juli 1989 St. George's Hall – Bradford, England Setliste: Now, Amazing, Heaven's in Here, Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Working Class Hero,Prisoner of Love, Sacrifice Yourself, Sorry, Run, I Can't Read, Maggie's Farm, Tin Machine, Baby Can Dance, Shakin' All Over, Pretty Thing, Crack City, Under The God 3. juli 1989 The Forum – Livingston, Skottland Setliste: Amazing, Heaven's in Here, Working Class Hero, Shakin' All Over, Sorry, Sacrifice Yourself,Bus Stop (countryversjon), Bus Stop, Run, I Can't Read, Maggie's Farm, Baby Can Dance, Tin Machine,Pretty Thing, Crack City, Under The God
Songar
Frå Tin Machine «Heaven's in Here» «Tin Machine» (Bowie, Reeves Gabrels, Hunt Sales, Tony Sales) «Prisoner of Love» (Bowie, Gabrels, H. Sales, T. Sales) «Crack City» «I Can't Read» (Bowie, Gabrels) «Under the God» «Amazing» (Bowie, Gabrels) «Working Class Hero» (opphavleg frå John Lennon/Plastic Ono Band (1970) av John Lennon; skriven av Lennon) «Bus Stop» (Bowie, Gabrels) «Pretty Thing» «Run» (Bowie, Kevin Armstrong) «Sacrifice Yourself» (Bowie, H. Sales, T. Sales) «Baby Can Dance» Frå Tin Machine II «Sorry» (H. Sales) Frå Black Tie White Noise «You've Been Around» (Bowie, Gabrels) Andre songar: «Maggie's Farm» (frå Bringing It All Back Home (1965) av Bob Dylan; skriven av Dylan) «Now» (ikkje utgjeve opptak frå Tin Machine, skriven av Bowie og Armstrong, frmaført med «støy»-segmanta frå nyinnspelinga frå 1988 av «Look Back in Anger» i kvar ende. Seinare vart han omskriven som tittelsporet til albumet Outside frå 1995) «Shakin' All Over» (opphavleg ein singel frå 1960 av Johnny Kidd and the Pirates; skriven av Johnny Kidd, seinare gjeven ut som B-sida til «You Belong in Rock n' Roll»)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tin Machine Tour» frå , den 11. september 2021. oppgav desse kjeldene: David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999,
Kategori:Konsertturnear i 1989 Kategori:David Bowie-turnear