It's My Life-turneen var ein konsertturné av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Turneen starta 5. oktober 1991 etter to oppvarmingskonsertar, ein pressekonsert og tre konsertar for industrien. Turneen vitja tolv land og enda etter 69 konsertar. Dette var dermed ein langt meir omfattande turné enn den første turneen deira i 1989. Bandet spelte med vilje på intime spelelokale med eit par tusen seter eller mindre, slik at dei kunne fokusere på musikken utan alt det teatralske. Det var i sterk kontrast til dei førre soloturenane til Bowie, Glass Spider- og Sound+Vision-turneen.«David Bowie Music Interview» by George Varga for The Star Entertainment Weekly, 1–7. januar 1992, pp 2 & 10 Bowie ønskte òg å unngå og spele på større stader og arenaer fordi fansen kom til å møte opp «å håpe at eg kom til å gjere eldre songar eller noko slikt. Me ville ikkje ha den kjensla i det heile tatt.»

Detaljar Bandet øvde og varma opp for turneen i Dublin i august 1991. Dei hadde med seg gitaristen Eric Schermerhorn på scenen, og spelte songar frå Tin Machine og Tin Machine II, i tillegg til coverversjonar av songar av Pixies, Neil Young og The Moody Blues.

Starten på somme av konsertane var ein gammal Tv som stod på scenen og spelte gamle situasjonskomediar medan Wagner sin Tristan und Isolde spelte over høgtalarane.«Bowie, Tin Machine offer what may be rock's new frontier» by Cary Smith, Journal-American, December 1991

Bowie hevda at setlista for turneen vart laga på sparken kvar kveld og sa «Me hadde overhovudet ikkje noko setliste. Me hadde ei komplett liste over alle songane på golvet på scenen og me ropte den neste songen me ville spele til kvarandre. Om du ser oss på ein dårleg kveld, kan det vere ein av dei dårlegaste konsertane du nokon gong har sett. Men på ein god kveld - og heldigvis med dette bandet er dei fleste det - skjer det verkeleg.»Beaming Bowie excited about current direction of his life, music" by Patrick MacDonald, The Seattle Times, 20. desember 1991

Konerten deira 1. september 1991 på flyplassen i Los Angeles vart sendt på radio i Amerika som ein del av serien ABC In Concert, og gjekk på lufta 6. september 1991. Tin Machine var musikalske gjester på Saturday Night Live den 23. november 1991.

Konsertopptak Konserten på Docks i Hamburg den 24. oktober 1991 vart filma og seinare gjeven ut på videoen Oy Vey, Baby: Tin Machine Live at the Docks, og songen «Baby Can Dance» frå den same konserten kom ut på samlealbumet Best of Grunge Rock. Songar frå konsertane i Boston, Chicago, New York City, Sapporo og Tokyo vart spelte inn og kom ut i juli 1992 på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby.

Mottaking Meldinga av konserten på ein av oppvarmingskonsertane på Slim's i San Francisco var negativ: «Det er vanskeleg å førestille seg at folk går ut frå eit David Bowie-show på Slim's, men alt du måtte gjere var å sjå deg rundt i rommet torsdag på slutten av konserten til Tin Machine. Bowie og medarbeidarane hans gav ein meir enn ein time lang konsert av den siste inkarnasjonen hans, og musikken viste seg å vera nesten umogleg å lytta til.»«Bowie's Band Unimpressive at Slim's» by Joel Selvin, San Francisco Chronicle, 14. september 1991, C4

Konserten i Seattle var meir positiv: «La det først bli sagt at på alle nivå er Tin Machine eit eineståande band. ... det kan godt vere dei representerer det neste evolusjonære trinnet i rock and roll - eller berre enno ei blindgate. Uansett er det kraftige saker.» Under konserten spelte Bowie alt- og barytonsaksofon, og elektrisk, akustisk og 12-strengsgitar.

Los Angeles Times skreiv ei positiv melding om den første konserten i New York, og roste bandet om ønskje om å pusle med arrangementa på songane, og sette pris på Bowie si «teatralske gåve» for å opptre.

Turnéband David Bowie – vokal, gitar, alt- & tenorsaksofon Reeves Gabrels – sologitar, vokal Tony Sales – bassgitar, vokal Hunt Sales – trommer, vokal Eric Schermerhorn – rytmegitar, vokal

Konsertar Dato By Land Spelestad Øvingar 10. august 1991 Dublin Irland Factory Studios 11. august 1991 12. august 1991 13. august 1991 14. august 1991 15. august 1991 Oppvarmingskonsertar 16. august 1991 Dublin Irland The Baggot Inn 19. august 1991 The Waterfront Presseshow1. september 1991 Los Angeles USA Rockit Cargo @ LAX Airport Industrishow 7. september 1991 Minneapolis USA Marriott 10. september 1991 Los Angeles 12. september 1991 San Francisco Slim's Europa 5. oktober 1991 Milano Italia Teatro Smeraldo 6. oktober 1991 8. oktober 1991 Firenze Palazzetto Dello Sport 9. oktober 1991 Roma Teatro Brancaccio 10. oktober 1991 12. oktober 1991 München Tyskland Circus Krone 14. oktober 1991 Offenbach Stadthalle 15. oktober 1991 Ludwigsburg Forum 17. oktober 1991 Berlin Neue Welt 19. oktober 1991 København Danmark Falkoner Teatret 21. oktober 1991 Stockholm Sverige Circus 22. oktober 1991 Oslo Noreg Oslo konserthus 24. oktober 1991 Hamburg Tyskland Docks 25. oktober 1991 Hanover Musikhalle 26. oktober 1991 Cologne E-Werk 28. oktober 1991 Utrecht Nederland Muziekcentrum Vredenburg 29. oktober 1991 Paris Frankrike Olympia 30. oktober 1991 Le Zénith 31. oktober 1991 Brussel Belgia Ancienne Belgique 2. november 1991 Wolverhampton England Civic Hall 3. november 1991 Manchester International 2 5. november 1991 Newcastle upon Tyne Mayfair 6. november 1991 Liverpool Royal Court 7. november 1991 Glasgow Skottland Barrowlands 9. november 1991 Cambridge England Corn Exchange 10. november 1991 Brixton Brixton Academy 11. november 1991Nord-Amerika 15. november 1991 Philadelphia USA Tower Theater 16. november 1991 Washington, D.C. The Citadel 17. november 1991 Philadelphia Tower Theater 19. november 1991 New Haven Toad's Place 20. november 1991 Boston Orpheum Theater 24. november 1991 Providence New Campus Club 25. november 1991 New Britain The Sting 27. november 1991 New York City Academy of Music 29. november 1991 1. desember 1991 Montreal Canada La Brique 2. desember 1991 3. desember 1991 Toronto The Concert Hall 4. desember 1991 Detroit USA Clubland 6. desember 1991 Cleveland Agora Metropolitan 7. desember 1991 Chicago Riviera Theatre 9. desember 1991 Dallas Bronco Bowl 10. desember 1991 Houston Back Alley 12. desember 1991 Los Angeles Hollywood Palladium 14. desember 1991 San Diego Spreckels Theater 15. desember 1991 17. desember 1991 San Francisco The Warfield 18. desember 1991 20. desember 1991 Seattle Paramount Theatre 21. desember 1991 Vancouver Canada Commodore BallroomAsia 29. januar 1992 Kyoto Japan Kaikan Dai Ichi Hall 30. januar 1992 Osaka Festival Hall 31. januar 1992 2. februar 1992 Fukuoka Kyusyu Kouseinenkin Kaikan 3. februar 1992 Hiroshima Kouseinenkin Kaikan 5. februar 1992 Tokyo NHK Hall 6. februar 1992 7. februar 1992 Yokohama Bunka Taiikukan 10. februar 1992 Sapporo Kouseinenkin Kaikan 11. februar 1992 13. februar 1992 Sendai Sunplaza Hall 14. februar 1992 Omiya Soniku City Hall 17. februar 1992 Tokyo Budokan Hall

Songar Merknad: CD Finst på konsertalbumet Oy Vey, Baby VHS/LD Finst på videoen Oy Vey, Baby CD/VHS/LD Finst på begge versjonar av Oy Vey, Baby

Frå Live Santa Monica '72 «My Death» (opphavleg frå La Valse à Mille Temps (1959) av Jacques Brel; skriven av Brel & Mort Shuman) «I'm Waiting for the Man» (opphavleg frå The Velvet Underground & Nico (1967) av The Velvet Underground og Nico, skriven av Lou Reed; outtake from various Bowie sessions 1966–72) Frå Tin Machine «Heaven's in Here» CD/VHS/LD «Tin Machine» (Bowie, Reeves Gabrels, Hunt Sales, Tony Sales) «Crack City» VHS/LD «I Can't Read» (Bowie, Gabrels) CD/VHS/LD «Under the God» CD/VHS/LD «Amazing» (Bowie, Gabrels) CD «Bus Stop» (countryversjon) (Bowie, Gabrels) VHS/LD «Pretty Thing» «Sacrifice Yourself» (Bowie, H. Sales, T. Sales) VHS/LD «Baby Can Dance» Frå Tin Machine II «Baby Universal» (Bowie, Gabrels) VHS/LD «One Shot» (Bowie, Gabrels) VHS/LD «You Belong in Rock 'n' Roll» (Bowie, Gabrels) CD/VHS/LD «If There Is Something» (opphavleg frå Roxy Music (1972) av Roxy Music; skriven av Bryan Ferry) CD/VHS/LD «Amlapura» (Bowie, Gabrels) VHS/LD «Betty Wrong» (Bowie, Gabrels) VHS/LD «You Can't Talk» (Bowie, Gabrels) VHS/LD «Stateside» (Bowie, H. Sales) CD/VHS/LD «Shopping for Girls» (Bowie, Gabrels) «A Big Hurt» «Sorry» (H. Sales) «Goodbye Mr. Ed» (Bowie, H. Sales, T. Sales) CD/VHS/LD

Frå Black Tie White Noise «I Feel Free» (opphavleg frå Fresh Cream (1966) av Cream; skriven av Pete Brown & Jack Bruce)

Andre songar: «A Hard Rain's A-Gonna Fall» (frå The Freewheelin' Bob Dylan (1963) av Bob Dylan; skriven av Dylan) «April in Paris» (frå Broadway-musikalen Walk A Little Faster (1932); skriven av Vernon Duke og E. Y. Harburg) «Baby, Please Don't Go» (ein singel (1935) av Big Joe Williams) «Debaser» (frå Doolittle (1989) av Pixies; skriven av Black Francis) «Don't Start Me Talkin'» (ein singel (1955) av Sonny Boy Williamson II) «Dream On Little Dreamer» (frå The Scene Changes (1965) av Perry Como; skriven av Jan Crutchfield og Fred Burch) «Fever» (ein singel (1956) av Little Willie John; skriven av Eddie Cooley og John Davenport (a.k.a. Otis Blackwell)) «Go Now» (ein singel frå 1964 av Bessie Banks og seinare gjort kjend av The Moody Blues åre etter; skriven av Larry Banks og Milton Bennett) VHS/LD «I'm a King Bee» (ein singel (1957) av Slim Harpo; skriven av Harpo) «In Every Dream Home a Heartache» (frå For Your Pleasure (1973) av Roxy Music; skriven av Ferry) «I've Been Waiting for You» (opphavleg frå Neil Young (1968) av Neil Young; skriven av Young), seniare inkludert av Bowie på albumet Heathen i 2002. «Shakin' All Over» (ein singel (1960) av Johnny Kidd and the Pirates; skriven av Johnny Kidd; B-side til «You Belong in Rock n' Roll») «Somewhere» (frå musikalen West Side Story (1957); skriven av Leonard Bernstein og Stephen Sondheim) «Throwaway» (frå Primitive Cool (1987) av Mick Jagger frå The Rolling Stones, skriven av Jagger) «Wild Thing» (av The Wild Ones (1965) og gjort kjend av The Troggs; skriven av Chip Taylor) «(You Caught Me) Smilin'» (frå There's a Riot Goin' On (1971) av Sly & the Family Stone; skriven av Sylvester Stewart) «You Must Have Been a Beautiful Baby» (frå Hard to Get (1938) av Dick Powell; skriven av Harry Warren og Johnny Mercer)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «It's My Life Tour» frå , den 12. september 2021. oppgav desse kjeldene: Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999,

Kategori:Konsertturnear i 1991 Kategori:Konsertturnear i 1992 Kategori:David Bowie-turnear