Edmund Potter () var ein engelsk industrimann og parlamentsmedlem frå Manchester. Han var bestefar til Beatrix Potter.

Edmund Potter var ein unitarist frå Manchester. Onkelen hans John Potter dreiv med kalikotrykk, og Edmund dreiv ei tid Dinting Vale Printworks saman med sonen til John, Charles Potter. Samarebeidet blei seinare oppløyst. Edmund gifta seg med Jessica Crompton, og dei fekk sju barn.

Han flytta verksemda si til Glossop i 1825, bygde opp att Joseph Lyne si Boggart Mill, og gjorde fabrikken om til eit stofftrykkeri. Opphavleg hadde ein trykt mønster på kaliko for hand, men Potter introduserte presis maskintrykking. I 1883 hadde fabrikken 350 tilsette, og hadde trykka 1 million stoff på 42 maskinar. Edmund Potter and Co var den største kalikotrykkfabrikken i verda. Verksemda slo seg saman med fleire rivalar og blei til Calico Printers' Association i 1899.

Potter bygde Dinting Lodge til familien sin i 1842 i nærleiken av fabrikken. I 1855 bygde han eit bibliotek med leseal for arbeidarane sine. Då han kjøpte Dinting Mill i nærleiken gjorde han overetasjen om til ein skule for ungar og yngre deltidsarbeidarar ved fabrikken. Glossop & District Heritage Trust, Glossop Heritage Centre, Bank House, Henry Street, Glossop in August 2002.

Frå 1861 til 1874 sat han som liberalt parlamentsmedlem for Carlisle.M. Hewitt, ‘Potter, Edmund (1802–1883)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Edmund Potter» frå , den 15. september 2021.

Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmer av det britiske Underhuset Kategori:Engelske industrifolk