The Deram Anthology 1966–1968 er eit samlealbum av David Bowie, gjeve ut i 1997. Han inneheld det meste Bowie spelte inn for Deram Records, inkludert heile debutalbumet frå 1967 (spor 5-18), i kronologisk rekkjefølgje. Spor 24-27 vart miksa og spelte inn i 1969, etter at Bowie vart droppa av Deram Records og vart laga for promovideoen «Love You Till Tuesday», som vart laga for å skaffe Bowie ein ny plateavtale. Dermed hadde Deram opphavleg ingenting å gjere med desse spora.
Plata var opphavleg tenkt som ei dobbeltplate med fleire spor som ikkje tidlegare var utgjeve, men Bowie la ned veto mot å ta med slikt materiale.Teenage Wildlife discography entry for The Deram Anthology , retrieved 19. juli 2007 Songane som Bowie skal ha lagt ned veto mot skal ha vore kalla «Pussy Cat», «Back to Where You've Never Been», «Funny Smile», «Bunny Thing», ein versjon av The Velvet Underground-songen «Waiting for the Man» og tyskspråklege versjonar av «Love You 'Till Tuesday» og «When I Live My Dream» (dei siste tre har vore mykje å sjå på piratkopiplater).Bassman's David bowie Page discography entry for The Deram Anthology , retrieved 19. juli 2007 Ein lydbandkopi teken direkte frå masterlydbanda finst av songane «Funny Smile», «Bunny Thing» og «Pussy Cat» og er eigd av ein tidlegare tilsett av Decca Records, som arbeidde for selskapet på den tida då songane vart spelte inn. I 2019 vart desse opptaka lagt ut på auksjon av Omega Auctions.
Innhald Alle songar skrivne av David Bowie.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Deram Anthology 1966–1968» frå , den 19. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum av David Bowie Kategori:Samlealbum frå 1997 Kategori:Deram Records-album