«The Loneliest Guy» er ein song skriven av David Bowie i 2003 for albumet Reality. Det ein langsam minimalistisk song. James E. Perone sa «Bowies karakter lever òg i fornekting: trass i glasskåra han finn i nærleiken av vindauga sitt, det einsame livet han lever, og 'alle sidene som har snudd', uttrykker han trua på at han ikkje er 'den einsamaste fyren' i verda, men snarare 'den heldigaste fyren'.»James E. Perone, The words and music of David Bowie, Greenwood Publishing Group, 2007, p.139. Biografen skriv òg: «Det langsame, høgtidelege tempoet i stykket, dei lange setningane som blir sungne med ein sakte pulserande vibrato indikerer ei djup sorg.»

Pianoet er spelt av den mangeårige Bowie-pianisten Mike Garson i ein enkel form som fekk David Buckley til å kome med ein analogi til «psykotiske» på Bowie-albumet Outside (1995), sjølv om han konkluderer: «Vokalen til Bowie, skjelvande og ustabil, er berre or mykje. Som skribenten Alex Petridis seier det, var songen diverre 'overkokt'.»David Buckley, Strange fascination: David Bowie, the definitive story, Virgin Books, 2005, p.499.

Lou Reed likte songen og skreiv for Rolling Stone: «Han endrar seg alltid, så du vert aldri lei av kva han gjer. Og eg meiner heile vegen opp til dei seinare albuma hans så er 'The Loneliest Guy' på albumet Reality ein flott song. Nok ein.»Lou Reed. «100 Greatest Artists: David Bowie ». Rolling Stone. Consulted on 20. september 2021.

Konertversjonar Songen vart framført under Reality-turneen. Eit opptak frå Riverside Studios, Hammersmith, London, 8. september 2003 kom ut på Tour Edition av Reality. Ein annan versjon spelt inn på The Point i Dublin i Irland, 22. og 23. november 2003, kom ut på DVD-en A Reality Tour og på albumet A Reality Tour.

Medverkande David Bowie: vokal Mike Garson: piano, klaverinstrument Gerry Leonard: gitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Loneliest Guy» frå , den 21. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Lyrics

Kategori:Songar frå 2003 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar produserte av Tony Visconti