Eugen Onegin eller Jevgenij Onegin (Евгений Онегин) er ein verseroman i åtte kapittel skriven av Aleksandr Pusjkin og gjeven ut i perioden 1823–1831. Handlinga føregår i Russland i 1820-åra.

mini|venstre|Hovudpersonen Eugen Onegin teikna av Pusjkin sjølv.

Verseromanen er rekna som eit meisterverk innan russisk litteratur. Med denne innvarsla Pusjkin tida for den store realistisk-poetiske romanen. For fyrste gong dukka det opp ein type menneske som det fanst tusenvis av også i det verkelege samfunnet – framfor alt er dandyskikkelsen Eugen Onegin prototype for det overflødige mennesket (Лишний человек, lisjnij tsjelovek), eit motiv som blei ein gjengangar i russisk litteratur. Realismen speglar seg også i dei meir enn eit hundre bifigurane.

Eugen Onegin består nesten heilt og haldent av 389 strofer som alle føljger strikt jambisk tetrameter, iblant omtalt som Onegin-strofen. Som sonetter har kvar strofe 14 jambiske rader, medan rimmønsteret alltid er det same: AbAbCCddEffEgg, der versalane viser til eit kvinneleg rim og gemenane til eit mannleg. Betoningane ligg alltid på dei jamne stavingane – andre, fjerde, sjette, åttande. Radene med kvinnelege rim har ni stavingar, dei med mannlege har åtte.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eugen Onegin» frå , den 3. oktober 2021.

Bakgrunnsstoff

Litteratur Aleksandr Pushkin, London 1964, Princeton 1975, Eugene Onegin a novel in verse. Translated from Russian with a commentary by Vladimir Nabokov ISBN 0-691-01905-3 Alexander Pushkin, Penguin 1979 Eugene Onegin a novel in verse. Translated by Charles Johnston, Introduction and notes by Michael Basker, with a preface by John Bayley (Revised Edition) ISBN 0-14-044803-9 Alexandr Pushkin, Basic Books; New Ed edition, Eugene Onegin: A Novel in Verse Oversatt av Douglas Hofstadter ISBN 0-465-02094-1 Jurij Lotman: Пушкин. Биография писателя. Статьи и заметки. Online: . A.A. Beliy, «Génie ou neige», "Voprosy literaturi", n. 1, Moskva 2008, s. 115.

Kategori:Russiske romanar Kategori:Bøker frå 1833