Stevie Vann (fødd Stevie van Kerken), òg kjend som Stevie Lange, er ein zambisk songar og songlærar. Ho er mest kjend som korvokalist og studiosongar for mange grupper og soloartistar i 1970- og 1980-åra. Som solovokalist for gruppa Night, fekk ho to topp 20-hittar i USA seint i 1970-åra.
Vann har mellom anna sunge korvokal for Bijelo Dugme, Sweet, Colin Blunstone, Jim Capaldi, Trevor Rabin, Rick Wakeman og UFO. I 1978 møtte Vann Chris Thompson då hos song korvokal for albumet Watch av Manfred Mann's Earth Band. Kort tid etter inviterte Thompson ho til å bli med i det nye bandet hans, Night.
I seinare år har ho sunge for artistar som Blue, Sophie Ellis-Bextor, Robbie Williams, Atomic Kitten og KT Tunstall.
Diskografi Album Stevie Vann (Silvertone Records, 1995)
Singlar «Don't Want to Cry No More» (1979) - AUS #98 «Remember My Name» (1981) «I'll Take Your Heart» «Without Your Love (I Can't Live)»
Med Filthy McNasty «A Week At The Bridge E16 (Live 3 Tracks)» (Bridgehouse Records,1978)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stevie Vann» frå , den 3. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Mufulira Kategori:Zambiske musikarar