mini| Lykkefugl eller sponfugl mini|Russisk krigsfangearbeid i Noreg. Lykkefugl () eller sponfugl er ein tradisjonell nordrussisk trefigur, ei hengande uro i form av ein fugl. Han blei funnen opp av innbyggarane ved kysten av Kvitesjøen og Barentshavet, som hang han i heimane sine for å verna om familien sin. Varmen frå komfyren får han til å røra seg.
Ein laga fuglen av ferskt trevirke, utan å bruka lim eller bindemiddel, gjennom å skjera ut tynne spon for vengene og halen til fuglen og sidan nytta ein spesiell metode for å spreia og bøya dei. Denne metoden blir òg nytta i anna nordrussisk handverk. Fuglen blir vanlegvis laga av furutre, gran, sibirfuru eller osp.
Vengene og halen til fuglen har ein bølgja fjørdrakt av tynne spon skorne ut i eitt stykke av friskt treverk.
Lykkefuglar i Noreg Lykkefuglar er kjende frå Noreg der russiske krigsfangar under andre verdskrigen kunne gje dei i gåve til lokale folk.
Palatiamonumentet på Lindesnes har form som ein stilisert lykkefugl. Monumentet blei reist i 1997 til minne om forliset av det tyske fangeskipet «Palatia».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lyckofågel» frå , den 5. oktober 2021.
Kategori:Russisk folkekunst Kategori:Treleiker Kategori:Leikedyr Kategori:Fuglar i kulturen