Wilhelmus Lourens Johannes Suurbier, kjend som Wim Suurbier, () var ein nederlandsk fotballspelar frå Eindhoven. Han var med om å vinne europacupen tre gongar og vart seriemeister sju gongar med Ajax Amsterdam. Med Nederland sitt landslag vann hann to VM-sølv og ein EM-bronse. Høgrebacken Suurbier var både kjapp og uthaldande.

Karriere Klubbspel Suurbier debuterte på Ajax sitt fyrstelag då han var 19 år og spelte for klubben i 13 år til 1977. Han spelte fast på det historiske Ajax-laget som stod for den epokegjerande total-fotballen frå kring 1970. Sentralt i dette mannskapet, som vann europacupen for serievinnarar tre år i rad, stod Johan Cruijff. Etter 1977 vandra Suurbier frå klubb til klubb utanlands; Vest-Tyskland, Frankrike, USA og heimlandet.

Landslagsspel Frå 1966 til 1978 deltok Suurbier i 60 landskampar og skåra 3 landslagsmål for Nederland. Han spelte heile VM-finalen 1974 mot Vest-Tyskland, i 1978 kom han på bana som innbytar i VM-finalen mot Argentina. Begge finalane enda med tap for Nederland. I EM i fotball 1976 vann Suurbier og Nederland med 3-2 over Jugoslavia i bronsefinalen.

mini|VM-finalen 1974. Det nederlandske laget, Suurbier er nummer tre frå høgre. Merittar VM-sølv: 1974 og 1978 med Nederland EM-bronse: 1976 med Nederland Vinnar av Europacupen: 1971, 1972, 1973 for Ajax Amsterdam Seriemeister: 1966, 1967, 1968, 1970, 1972, 1973, 1977 for Ajax Amsterdam (7) Nasjonal cupmeister: 1967, 1970, 1971, 1972 for Ajax Amsterdam

Kjelder

Denne artikkelenbygger på «Wim Suurbier» frå , den 10. oktober 2021. eu-football

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Schalke-spelarar Kategori:Metz-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978