«How Does It Feel» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den andre singelen frå filmmusikkalbumet og det femte studioalbumet deira Slade in Flame. Songen vart spelt inn for filmen med same namn. Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.
Melodien til «How Does It Feel» var den første Lea hadde skrive nokon gong, då han framleis gjekk på skulen.Jim Lea interview with Elaine Lamb on Oban FM, 1. august 2017
I 1999 sa Noel Gallagher frå Oasis at songen var «ein av dei beste songane skrivne nokon gong i pophistoria».1999 BBC documentary It's Slade
B-sida til singelen var «So Far So Good», som òg kom ut på albumet. I USA vart «O.K. Yesterday Was Yesterday» gjeven ut som B-side. Denne var òg frå Slade in Flame.
Format 7"-singel «How Does It Feel» - 4:46 «So Far So Good» - 2:59
7"-singel (Amerikansk utgåve) «How Does It Feel» - 3:15 «O.K. Yesterday Was Yesterday» - 3:58
7"-singel (Amerikansk promo) «How Does It Feel» - 3:15 «How Does It Feel» - 3:15
Salslister Liste (1975)PlasseringDen tyske singellista36Irish Singles Chart11UK Singles Chart15
Andre versjonar I 2001 spelte den engelske rockevokalisten Chris Farlowe inn ein versjon av sporet til hyllestalbumet Slade Remade. I 2006 gav den engelske rockegruppa Def Leppard ut sin eigen versjon av songen som eit eksklusivt bonusspor frå iTunes for albumet Yeah!. I 2016 framførte den engelske songar-låtskrivaren James Blunt ein versjon av songen som ein del av settet hans ved opningsseremonien for Invictus Games 2016 i Orlando i Florida. I 2017 gav den britiske songaren Joanna Forest ut sin eigen versjon av songen på debutalbumet Stars Are Rising. Han vart utgjeven som den første singelen til albumet.
Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, gitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - bass, piano, orgel, fløyte, korvokal Don Powell - trommer
Andre medverkande Medlemmar av Gonzalez - blåserekkje Chas Chandler - produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «How Does It Feel (song)» frå , den 10. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:Polydor Records-singlar