«Lock Up Your Daughters» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1981 som den andre singelen frå det tiande studioalbumet Till Deaf Do Us Part. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. Songen nådde 29. plassen på den britiske singellista og låg på lista i åtte veker.

«Lock Up Your Daughters» var meir heavy metal-dominert enn vanleg for bandet, som ein respons på at dei hadde tiltrekt seg meir metal-fans etter Readingfestivalen. Songen vart mykje spelt på konsertane deira.Slade - Till Deaf Do Us Part - Salvo 2007 remaster booklet liner notes

B-sida til songen var «Sign of the Times», opphavleg frå albumet Return to Base i 1979, då han òg kom ut på singel.

Det vart filma ein musikkvideo til songen, men denne vart lite vist då han kom. Han vart filma 7. september 1981 i Portland Studios i London. Bandet spelte songen på musikkshowet Top of the Pops i september 1981 og igjen nokre veker seinare. Bandet framførte òg songen på det nederlandske TV-showet TopPop.

Innhald 7"-singel «Lock Up Your Daughters» - 3:31 «Sign of the Times» - 3:58

Salslister Liste (1981)PlasseringDen nederlandske singellista19UK Singles Chart29

Andre versjonar I 1989 spelte det engelsk-amerikanske rockebandet Lion inn ein versjon av songen for det andre og siste studioalbumet deira Trouble in Angel City.

Medverkande Noddy Holder - solovokal, gitar, produsent Dave Hill - sologitar, korvokal, produsent Jim Lea - bass, orgel, korvokal, produsent Don Powell - trommer, produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lock Up Your Daughters» frå , den 17. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Slade-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Songar produserte av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Noddy Holder Kategori:Songar produserte av Dave Hill Kategori:Songar produserte av Don Powell