mini|Deltakarane på det første samiske landsmøtet fotografert i Metodistkyrkja i Trondheim 6. februar 1917. Møtet samla rundt 150 samar frå Noreg og Sverige. 6. februar er sidan vorte samane sin nasjonaldag. Samemøtet i 1917 var det første samiske landsmøtet. Møtet hadde deltaking av samar både frå Noreg og Sverige. Møtet vart halde i Metodistkyrkja i Trondheim frå 6. til 9. februar 1917. Datoen for byrjinga av dette møtet er i dag samane sin nasjonaldag Møtet samla ca. 150 deltakarar, der dei fleste var sørsamar frå Nordland, Trøndelag og Hedmark.

Elsa Laula Renberg (1877–1931) frå Helgeland og Brurskanken samiske kvinneforening var initiativtakarar til møtet. Renberg var formann for møtet, og heldt opningstalen. Den andre store samiske leiaren i samtida, Daniel Mortenson frå Røros/Elgå, var møteleiar og heldt eit foredrag på møtet om reindrift og korleis ho hadde vorte hemma av Felleslappeloven av 1883. Foredraget utløyste ein debatt som førte til at landsmøtet valde ein eigen reindriftslovkomité. Komiteen la seinare fram eit framlegg til ny reindriftslov som påverka den endelege utforminga av lova i 1919. Den andre hovudsaka på møtet var krava om ein eigen samisk skule, og at borna måtte få undervising i og på samisk.

Bakgrunn mini|Elsa Laula Renberg (1877–1931) var reineigar i Brurskanken-fjella sør for Mosjøen. Ho var initiativtakar til møtet. Biletet er truleg teke i 1916 som ledd i marknadsføringa av møtet. mini|Daniel Mortenson frå Elgå/Røros var ein av dei aktive samepolitikarane i samtida. Han var reineigar, redigerte avisa Waren Sardne, deltok i etableringa av fleire samesamskipnader, og vart vald til dirigent for møtet. Måleri av Astri Aasen. I åra før møtet hadde samar både i Noreg og Sverige opplevd at kultur og næringsgrunnlaget deira var truga. Difor oppstod det i åra 1904–10 både samiske organisasjonar og tidsskrift.

Arealpress og fornorskning Felleslappelova av 1883 var det første større forsøket frå styresmaktene si side på å «få kontroll med samenes reindrift». Lova gjaldt både for Noreg og Sverige, derav namnet. Loven etablerte ordninga med reinbeitedistrikt og innførte prinsippet om kollektivt erstatningsansvar for alle som hadde del i reinbeitedistriktet for skadar reinen påførte landbruket. I 1894 vart grensene for reinbeitedistrikt fastlagt slik at viktige beiteområde som Trollheimen og Gauldalsvidda fall utanfor. Med Tilleggslappelova i 1897 fekk grunneigarane rett til å forby reindrift utanfor reinbeitedistrikta. Hevd og sedvanerett vart dermed sett bort frå. Den rettslege reguleringa av reindrifta var likevel i stadig rørsle, og fleire kommisjonar arbeidde med reindriftsspørsmål fram til den neste reindriftslova kom i 1933.Jernsletten 1991

I Sverige hadde «odlingsgränsen» frå 1867 gjeve flyttsamar bruksrett til beiteland i dei delane av landet som låg høgare enn jordbruksbygdene.Borgen 1997; s 11–25: «Folkebevegelse» Areala vart likevel etter kvart tekne i bruk av nybyggjarar, ein prosess som har vorte karakterisert som «jordbrukskolonisering», slik at reinflokkane vart pressa bort frå dei kjende beiteområda.Salvesen 1979 Erstatningsansvaret til samane for skadane reinen eventuelt gjorde stod fast.

Arealspørsmåla og beiterettane var i særleg grad eit problem i dei sørsamiske områda.Braseth 2014; side 368–386 I dei nordsamiske områda i Troms og Finnmark var det fornorskingspolitikken som var den største utfordringa, gjennom «skole, næringer, kirke, forsvar og etterretning – gjerne i tett (og intimt) samarbeid».Magga i forordet til Borgen 1997 Presset var særleg retta mot samar i «overgangsdistrikta» i kyststrøka og fjordbotnane.Otnes 1970; s 129Ragnhild Sandøy: Fornorsking av Finnmark blei deres liv, Samiske lærerpionerer fra Tanafjorden; Artikkel i boka Samisk skolehistorie 4. Davvi Girji, 2010. Ein del av biletet var at skuledirektøren ikkje ville at samiske lærarar skulle undervisa i samiske bygder der dei kunne «være til skade med sine samiskkunnskaper»; dei skulle sendast til ikkje-samiske bygder.

Utanfor Namsos hadde Sameskolen i Havika starta i 1910 som internatskole for barn frå sørsamiske familiar; skulen var på mange måtar ein «fornorskingsskole», men han var òg ein møteplass.Svein Lund. Samisk skole eller Norsk Standard?. Davvi Girji, 2003.Bjørn Aarseth. Internatet som sosialt bygdesentrum; hos skuvla.info; fra boka Samisk skolehistorie 1. 2005 Finnemisjonen vart stifta i 1888, og brukte frå byrjinga av medvite samisk språk. Etter landsmøtevedtak i 1912 og 1913 tok misjonen inn i vedtektene sine at «organisationen maa i ingen henseende komme i strid med statens arbeid i kirke og skole». Dette vart tolka som støtte til fornorskingsarbeidet.

I Sverige hadde styresmaktene gjennom ei skulereform i 1913 delt samiske born i to grupper, den såkalte «kategoriklyvningen»: barn av reindriftssamar fekk gå på «nomadskolan», medan barn av fastbuande samar måtte gå på vanlege skular, der dei mista den samiske identiteten sin.Jernsletten 1991 Dette vert kalla «lapp-ska-vara-lapp»-politikk, der «ekte samar» vart definerte slik at store grupper av samane fall utanfor.Nomadskoleboken; svenskakyrkan.se

Spørsmålet om reindrift over grensa mellom Noreg og Sverige hadde vore eit vanskeleg tema under Karlstadforhandlingane.Kirsti Strøm Bull. «Reindriftssamene og 1905 »; Plan, nr 3–4, 2005 Frå gammalt av hadde reindriftssamane lagt lita vekt på riksgrensa, og dei hadde vinterbeite i Sverige og sommerbeite i Noreg. Gjennom Lappekodisillen av 1751 vart denne hevda avtalefesta mellom landa. Etter kvart som eit fleirtal av desse samane vart svenske statsborgarar, vart beiteretten og reindrifta frå Sverige opplevd som ei belastning i Noreg. Ved forhandlingane i 1905 meinte dei at denne grenseoverskridande reindrifta omfattar 80 000–100 000 svenske rein i Troms og Nordland, og til samanlikning berre 7 000 norske rein på vinterbeite i Sverige. Ved Karlstadforhandlingene vart dette til slutt løyst ved at beiteretten vart godteken frå norsk side, men vart innskrenka slik at reinflyttinga måta skje etter 15. juni, 6 veker seinare enn tidlegare regler.

Organisering I Sverige vart Lapparnas Centralförbund stifta 5. august 1904, som den første samiske organisasjonen i verda. Samstundes utkom Elsa Laulas kampskrift Inför lif eller död og Torkel Tomasson byrja å utgje Lapparnas egen tidning. Bladet kom med 5 nummer i 1904–05 før det gjekk inn.Om Samefolket; samefolket.se Den same hausten starta Fatmomakke samesamskipnad nær Vilhelmina, og samesamskipnader i Tärnaby, Glen og Sorsele.Otnes 1970; side 107–115

I Noreg medverka Daniel Mortenson til etableringa av Søndre Trondhjems Amts lappeforening – truleg i 1907, og Nordre Trondhjems Amts lappeforening i 1908. Mortenson etablerte òg avisa Waren Sardne i 1910, etter initiativ frå Søndre Trondhjems Amts lappeforening.Pareli 1988 Denne vart skriven på norsk, med innslag av samisk i notisar. Saman med John Eliassen Boere frå Grong og Martin Jonassen frå Haltdalen utgjorde Mortenson ein delegasjon som i 1908 drog til Oslo for å diskutera sameinast sak med kong Haakon, statsminister Gunnar Knudsen og landbruksminister Foosnæs. Møta skjedde 26. oktober 1908.Salvesen 1979Otnes 1970; side 107–115Jens A. Andersen. «Da namdalssamene møtte kongen og Nordre Trondhjems amts lappeforening ble stiftet». Årbok for Namdalen 1979

Etter at Elsa Laula og Thomas Renberg gifta seg i 1908, flytta dei til Brurskanken reinbeitedistrikt i Vefsn på Helgeland. Dei bidrog til danninga av Brurskanken samiske lag i 1907 og Brurskanken samiske kvinneforening i 1910.Salvesen 1979Pareli 1988

I nordsamiske område hadde Anders Larsen si avis Saǥai Muittalægje vore ein viktig aktør i dei åra ho kom ut, frå 1904 til 1911. Avisa hadde blant anna støtta den samiske stortingsrepresentanten Isak Saba. Nordsamiske samskipnadsforsøk i 1910 og 1911 stranda før samskipnadene hadde kome ordentleg i gang.Jernsletten 1991

Samane i Trøndelag og Helgeland hadde kome saman til møte i Namsos 15. mars 1910 og 22. februar 1915, og møttest jamleg på Stevneplassen ved Majavatn. Under møtet i 1910 vart Det lappiske forbund freista stifta med utgangspunkt i dei fire samesamskipnadene i Trøndelag og Helgeland, med det er få spor etter denne paraplyorganisasjonen i ettertid.Pareli 1988

Førebuingar til møtet mini|Elsa Laula Renberg (til høgre) var initiativtaker til møtet, og formann for møtet. Journalist Ellen Lie (til venstre) var sekretær for møtet. Anna Löfwander Jarwson (føre) var møtet sin kasserer.Pareli 1988 Renberg skreiv 5. mai 1916 eit brev til reindriftsinspektør Kristian Nissen, der ho fortalde at ho i lang tid hadde freista å få til eit større møte for å drøfta «sociala politiske förhold og da i ser paa rendriftens omraade». Brevet vart skrive ombord på hurtigruteskipet «Midnatsol» frå Trondheim til Sandnessjøen, og viser at Renberg i meir enn to år hadde hatt kontakt med journalisten Ellen Lie i Trondheim. Av brevet til Nissen går det fram at mykje verka avklart allereie: «I samraad med en del framstaaende mend og kvinder i Tronhjem samt en del lappar har jeg besluttet at arrangere till et felles lappemöte i Tronhjem till kommande vinter, exp. i jannuar eller februar maaned.»Borgen 1997; s 27–46: «Brurskanken – Trondheim»Johansen 2015; side 115–128: «Møtet»

I november 1916 var Renberg på nytt i Trondheim. Her vart ho intervjua av Dagsposten 10. november 1916, og skreiv på ny brev til Nissen.

På dette tidspunktet var det meste av programmet klårt, men det sto att å setja datoar for møtet. I brevet til Nissen skreiv ho at Brurskankens samiske kvinnesamskipnad hadde vorte den formelle arrangøren av møtet; at det vart nedsett ein arbeidskomité med fire medlemmar, der ho var leiar og Ellen Lie var sekretær. Heller ikkje då programmet vart presentert i Dagsposten 17. desember 1916 var møtedatoane avgjort; møtet skulle «avholdes omkring 15de februar og varer i 3 dage.» Tidfestinga måtte både ta omsyn til årsrytmen i reindrifta, og at Nissen hadde høve til å delta.

Møtet vart lagt til Trondheim av fleire praktiske omsyn: reiseveg, innkvartering, møtelokale og nærleik til fleire avisredaksjonar. Den direkte, praktiske årsaka var truleg samarbeidet med den engasjerte journalisten Ellen Lie. I intervjua sa Renberg at føremålet med møtet var å vekka samane «fra deres sløvhet til selvtænkning og varetagelse av sine interesser, og for at nordmændene skal lære at kjende os som vi er og kjende os som et folk og derved bli mere interessert for os og vor sak. Det tror jeg best vil ske ved møte i en stor by.»

I byrjinga av januar 1917 vart det klårt at Landbruksdepartementet løyvde 1000 kr i reisestøtte til deltakarane, løyvd gjennom ein kongeleg resolusjon 5. januar 1917. Reindriftsinspektøren var skeptisk til løyvinga, fordi han var redd statsstøtta ville koma i konflikt med rolla til møtet som frie, politiske ytringer. Trondheim kommune løyvde 500 kr til ei kommunal mottaking for møtedeltakarane.

Valet av Metodistkyrkja i Trondheim som møtestad var delvis naturleg, og delvis tilfeldig. Samane var vane til å halda møte i samband med kristelege stemne og i kristne forsamlingslokale. Praktiske spørsmål som plassering, storleik og leigepris kan ha spelt inn, og det kan òg ha hatt tyding at kasserene for møtet, hotelleigaren Anna Löfwander Jarwson, hadde ei tilknyting til Metodistkyrkja. Forutan Metodistkyrkja vart Festsalen til handverkarsamskipnaden brukt under møtet.

Møtet var tenkt å vara i tre dagar – og skulle avsluttast med ein fest i Handverkarsamskipnaden torsdag kveld 8. februar – men vart forlenga med ein dag, og diskusjonane heldt òg fram fredag 9. februar.

Deltakarar mini|400x400pk|Deltakarane på møtet fotografert utanfor Metodistkyrkja i Trondheim 6. februar 1917. mini|Medalje som vart gjeve til deltakarane på møtet.