«All Join Hands» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1984 som den første singelen frå det tolvte studioalbumet deira, Rogues Gallery. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i ti veker.

Songen vart den siste til Slade på den britiske topp 40-lista på sju år. B-sida, «Here's To...», kom sidan ut på samleplata Crackers: The Christmas Party Album i 1985.

12"-singelen inneheldt ein lengre versjon av «All Join Hands» på A-sida. Det vart òg gjeve ut ein avgrensa 12"-vinyl i Storbritannia med to ekstra spor: «My Oh My» og «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')». Sistnemnte hadde tidlegare vore B-side på singelen «(And Now the Waltz) C'est La Vie» i 1982.

Format 7"-singel «All Join Hands» - 4:15 «Here's To...» - 3:12

12"-singel «All Join Hands (Extended version)» - 6:15 «Here's To...» - 3:12

12"-singel (UK limited edition release) «All Join Hands (Extended version)» - 6:15 «My Oh My» - 4:12 «Here's To...» - 3:12 «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» - 3:28

Salslister Liste (1984)PlasseringIrish Singles Chart9Den svenske singellista19UK Singles Chart15

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal Jim Lea - piano, bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Here's To...», arrangør Dave Hill - sologitar, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande John Punter - produsent på «All Join Hands» og «My Oh My» Slade - produsentar på «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» East St. - design og kunst Shoot That Tiger! - logo Tony McConnell - fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «All Join Hands» frå , den 20. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Slade-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Songar produserte av John Punter