Bisfenol A (BPA) er eit syntetisk organisk stoff med kjemisk formel (CH3)2C(C6H4OH)2. Det er eit fargelaust, fast stoff som er løyseleg i ei organisk løysing men lite løyseleg i vatn. Ved to funksjonelle grupper fenol blir det brukt for framstilling av polykarbonatpolymerar og epoksy, saman med andre råstoff til plast. BPA-basert plast er gjennomsiktig og bestandig, og blir brukt i mange vanlege forbruksvarer som tåteflasker, vassbehaldarar, sportsutstyr, CD-ar og DVD-ar, og i industriell bruk som indre belegg i vassleidningar og vinger til vindturbiner.
Bisfenol A (BPA) er brukt i gummi, polykarbonat (PC), men utgjer mellom 40 til 60 % av innhaldet i epoksy-resin før tilsetting av herdar. Ferdig herda epoksyprodukt inneheld mellom 30-40 % bisfenol. Den vanligste typen bisfenol i epoksyprodukt er bisfenol A (BPA). Dei fleste bisfenol er skadelege og har ulike verknader på natur og næringskjeda.
Bisfenol A (BPA) er blitt påvist i urinprøver frå menneske med ekstremt høg frekvens (opptil 99 %),Ye et al. 2015 noko som indikerer omfattande ureining.
BPA blei funne i dei fleste prøvar frå blod, morsmjølk eller fostervatn.Vandenberg et al., 2007 Sjølv låge doser BPA ser ut til å ha svært negtiv helseeffekt.
I 2024 gjorde forbrukerrådet ei undersøking om BPA i mat og drikker produkter og fann at forbrukarar fekk i seg for høge mengder BPA gjennom daglegvarer.
BPA er svært skadeleg om insekt, pattedyr, fisk, alger med meir får dette i seg. Det er kreftframkallande, kan redusera evne til reproduksjon, gje redusert vekst, gje varige hjerneskader, vera involvert i fedme, metabolsk syndrom og insulinresistens med meir.
Når det gjeld utslepp av bisfenol A (BPA) til natur og miljø kan det sjå ut til at forskinga for det meste har konsentrert seg om BPA frå polykarbonater (PC). Vidare ser det ut til at uro knytt til utslepp av BPA i stor grad har vore knytt til den frie BPA i ferdig herda plast.
Sjølv om skaden av BPA er dokumentert som svært alvorlige kan det sjå ut til at vi enno ikkje har fullstendig kunnskap av omfanget og at epoksyplastikk kan vera ein trojansk hest når det gjeld utslepp av BPA.
Det er først dei seinare åra at forsking har stadfesta at epoksyplastikk blir spist og blir brutt ned i mage-og tarmsystem til marine arter, som alger, kreps, musling, sneglar, fisk, amfiberier, pattedyr og landbaserte mikrobar, insekt og dyr. Det gjer at bisfenol blir frigjort og tatt opp i kroppen gjennom mage- og tarmsystem til desse artane og på denne måten går inn i næringskjeda.
Ei rekke epoksyprodukt blir usett for slitasje slik at epoksyplast kjem ut i naturen i store mengder i form av mikro- og nanoplast. Det er store utslepp frå bilindustri, skipsindustri og frå vindkraftindudtri. Nanoplast kan bryte gjennom blod-hjerne barieren i fisk og gir hjerneskader og endra åtferd.
Det samla utsleppet av mikro- og nanoplast frå epoksyprodukt i Europa er ukjent, men at det mange hundre tonn per år er rimeleg å estimere når det frå bilbelegg/lakk åleine blei slept ut 225 tonn i 2013. Utslepp frå bildekk og polykarbonater (PC) inneheld også BPA og gir enorme utslepp av mikro- og nanoplast frå gummidekk/gummigranulater og polykarbonater til naturen.
Produksjon av venger til vindturbinar er dei som desidert bruker mest epoksyplast. Alt i 2013 gjekk 27 % (69 000 tonn) av alle epoksy-resin til denne enetgiindustrien, og denne har hatt ein eksplosiv vekst og at veksten i vindindustrien vil auka i åra som kjem. Global årleg produksjon av BPA er på over 10 millionar tonn, og det er forventa auke i åra som kjem.
Både hav, innsjøar, elver med meir er forureina med høge dosar bisfenol og epoksyplast.
Bisfenol og epoksyplast (nano- og mikroplast) går oppover i næringskjeda, blant anna frå planteplankton vidare til dyreplankton, til andre marine dyr og fisk. Det skjer ved at epoksyplatikk blir brote ned i ein ein hydrolyseprosess - i eit fuktig, surt og varmt miljø - som t.d. mage- og tarm til dyr.
Det tek lang tid å bryte ned epoksy i naturen, om ein ser bort frå nedbrytinga som skjer gjennom hydrolyse (mage- og tarmsystem) i næringskjeda. Epoksyplast difor blir liggande i naturen til den blir tatt opp og brutt ned i næringskjeda. UV-filter skader ikkje epoksyplast og difor vil epoksyplast med BPA kome seg uskada forbi UV-filter i rense- og drikkevannsanlegg. Det kan ta lang tid å bryte ned BPA i vatn, og især i sjøvatn med temeratur under 25 Celsius. BPA blir noko raskare brote ned i jord.
Kjelder
Kategori:Fenol Kategori:Endokrinologi Kategori:Plast