Wasim Zahid () er ein norsk lege som er spesialist i indremedisin og kardiologi. Zahid har ph.d.-grad i same fagfelt. Han er skribent, foredragshaldar og forfattar, og har særleg skrive om helse og integrasjon. Han fekk nok stemmar i kommunevalet 2019 til å rykka frå opp 43. til 8. plass. Med dette vart han nummer åtte i kommunestyret til Bærum Arbeidarparti.

Bakgrunn Wasim Zahid har norsk-pakistansk bakgrunn der foreldra innvandra til Noreg frå Pakistan.

Zahid studerte medisin ved Universitetet i Oslo. Zahid gjennomførte spesialiseringa si innan generell indremedisin og kardiologi frå Drammen sjukehus, (2005 – 2010) og Oslo universitetssjukehus, Rikshospitalet (2010-2016). I oktober 2016 fullførte han doktorgrada si om bruk av ultralyd ved hjartesjukdom. Han er overlege og kardiolog på hjarteavdelinga på Drammen sjukehus. Han har vore nestleiar i tankesmia Minotenk, og medlem av Forum for sosial- og helsetenester ved migrasjon (SOHEMI) Det rådgivande organet til helsedirektoratet innanfor minoritetshelse.Omtale hos Minotenk.no. Besøkt 18. mai 2013 Han er styremedlem i Amnesty International Noreg.

Forfattarskap og media Zahid er aktiv på Twitter og har vorte omtalt som «Twitter-legen».sykepleien.no - Klart vi kan snakke om jobb på sosiale medier av Ann-Kristin Bloch Helmers 4.10.2012 Han har gitt ut boka På liv og død : en leges bekjennelser, som gjennom ulike pasienthistorier beskriv korleis det er å vera lege i det norske helsevesenet. I 2016 gav han ut livsstilsboka Hemmeligheten : slik lever du godt - lenge. I 2018 gav han ut boka Hjerte for hjerte. Zahid har vore spaltist i VG Helg og med i LHL sit ekspertpanel. Han er ikkje-truande og har uttalt seg offentleg om å forlata islam.vl.no I ukjent farvann intervju med Zahid i Vårt land skrevet av Christian Nicolai Bjørke 05.03.2016

Wasim er fast deltager i TV-serien Hva feiler det deg? på NRK. Han vann sesong 1 av kvissprogrammet Alle mot alle på TVNorge saman med Astrid Nylander-Almaas i 2020

Han har òg ein YouTube-kanal som pr. september 2021 har 68 000 abonnement. På kanalen delar han tankar og opplevingar og driv folkeopplysning.

Bibliografi

2013 På liv og død : en leges bekjennelser Kagge forlag ISBN 978-82-489-1347-4 2016 Hemmeligheten : slik lever du godt - lenge Kagge forlag ISBN 978-82-489-1798-4 2018 Hjerte for hjerte Gyldendal forlag ISBN 978-82-055-1735-6

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wasim Zahid» frå , den 30. oktober 2021.

Bakgrunnsstoff Wasim Zahid på Internet Movie Database (IMDb)

Kategori:Lokalpolitikarar frå Arbeidarpartiet Kategori:Lokalpolitikarar i Bærum Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske legar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Nordmenn av pakistansk opphav Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske bloggarar