Maren Benedicte Nystad Storslett () er ein norsk sametingspolitikar. Ho representerer Norske Samers Riksforbund (NSR) på Sametinget, der ho fyrst vart vald inn frå Ávjovárri valkrins i 2021. Ho er medlem i oppvekst-, omsorg- og utdanningskomiteen og i Samisk parlamentarisk råd, og parlamentarisk nestleiar for NSR.
I 2016–2017 var ho samisk vegvisar. Storslett har vore leiar i NSR Nuorat, ungdomsutvalet til NSR, sidan 2018.
Kjelder
Maren Benedicte Nystad Storslett på sametinget.no. Lese den 31.10.2021.
Kategori:Sametingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Sametingsrepresentantar frå NSR Kategori:Samiske politikarar