Badi Batchelor (fødd Karen-Sofie Kristiansen i 1941) er ein norsk moteteiknar og tekstilkunstnar frå Stokmarknes i Nordland. Ho vart kjend på 70- og 80-talet for å kombinere tradisjonelle husflidteknikkar med det aktuelle moteuttrykket i tida. Batchelor har skapt og bidratt til fleire verk som er på utstilling i blant anna Tekstilindustrimuseet og Nasjonalmuseet. Ho held til og er næringsdrivande i Son i Vestby kommune i Akershus.
Bakgrunn Batchelor har utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole. Som moteteiknar har Batchelor særleg markert gjennom samarbeidet sitt med tekstildesignaren Kristi Skintveit frå og med 1967. Batchelor og Skintveit var i denne perioden tilslutta vevestova til Brukskunstorganisasjonen PLUS i Gamlebyen i Fredrikstad. På bakgrunn av blant anna ein kolleksjon av modellar som Skintveit utvikla i samarbeid med Batchelor, vann ho Lunningprisen i 1967. I denne perioden bidrog tekstilkunstnarane hjå PLUS til at Fredrikstad stod sentralt i norsk moteverd. I 1968 opna Batchelor verkstad og butikk i lokala til PLUS saman med Kirsti Skintveit. Etter ei rettsleg konflikt om leigekontrakt og andre interne stridar i organisasjonen forlet dei PLUS i 1969 og etablerte seg i nye lokale i Spinnerigården i Son. Her etablerte fleire brukskunstnarar frå PLUS og andre stader seg, og bruke bygget som arbeidslokale og bustad.
Frå 1969 fram til 1990-talet dreiv Batchelor strikkeverkstad i Spinnerigården ilag med ektemannen Michael. Her vart det produsert strikka kjolar, jakker og andre tekstilvarer. Denne produksjonen vart landskjend for sitt særpreg, og var til sals hjå forhandlarar i heile Noreg og i utlandet. Batchelor-paret fekk i 1978 Fortidsminneforeningen sin pris for restaureringsarbeidet sitt i Spinnerigården. Etter at ekteparet selde Spinnerigården, tok dei over Woldegården i Son. Batchelor dreiv butikk i Drøbak fram til 2004, og har sidan flytta verksemda si tilbake til Son.
Kjelder
Kategori:Norske motedesignerar Kategori:Norske tekstilkunstnarar Kategori:Folk frå Stokmarknes