FA-cupturneringa i fotball 1965 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 1. mai 1965. Framfor 100 000 tilskodarar vann Liverpool FC FA-pokalen ved å vinne med 2 mot 1 over Leeds United i ein kamp som gjekk til ekstraomgangar.
Kampen Etter 90 mållause minutt måtte ekstraomgangar til for å kåre ein vinnar. Før tre minutt då var gått, skalla Liverpool-angriparen Roger Hunt i eit innlegg i mål. Billy Bremner utlikna for Leeds sju minutt seinare. Sigersmålet kom færre enn fire minutt før full tid, Liverpool sin senterløpar Ian St John skåra med ei heading.
Liverpool sitt vinnarlag: Tommy Lawrence, Chris Lawler, Ron Yeats (kaptein), Gerry Byrne, Willie Stevenson, Geoff Strong, Peter Thompson, Roger Hunt, Ian St John, Tommy Smith og Ian Callaghan.
Leeds stilte med: Gary Sprake, Paul Reaney, Jackie Charlton, Norman Hunter, Willie Bell, Billy Bremner, Johnny Giles, Jim Storrie, Alan Peacock, Bobby Collins (kaptein) og Albert Johanneson.
William Clements var dommar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «1965 FA Cup Final» frå , den 4. november 2021.
Kategori:FA-cupfinalar Kategori:Fotball i 1965