Henriette Steenstrup () er ein norsk komikar og skodespelar. Ho er kjend for rolla som «Edel» i humorprogram som Torsdag kveld frå Nydalen og Dritseint med Edel. Ho har òg hatt roller i ei rekkje norske filmar og TV-seriar, og i 2021 fekk ho stor suksess som skaparen og hovudrolleinnehavaren av serien Pørni.
Bakgrunn Far hennar var lærer, og mora var tilsett i NRK. Sommeråpent 25. juli 2011 Allereie som barn ynskte Steenstrup å verta skodespelar, og ho opptredde som barn i vignetten til Kroppen og dessutan i Skomakergata og i Halvsju på NRK Fjernsynet. Som voksen vart ho først kjend gjennom NRK1 sitt barneprogram Kykelikokos.
Steenstrup er tilsett ved Nationaltheatret, der ho har spelt tittelrolla i Pippi Langstrømpe og Hilde Wrangel i Byggmeister Solness. Ho starta hausten 2008 innspelinga av TV 2-serien En god nummer to, der ho sjølv stod for idé og hovudrolle. Det er ein dramakomedie, der handlinga er lagt til Nationaltheatret. Det er første gongen det vert laga ein serie frå skodespelarmiljø i Noreg.
Hausten 2009 byrja ho i TV 2-programmet Torsdag kveld frå Nydalen. Ho vann Komiprisen 2014 i klassa årets kvinnelege scenekomikar for førestillinga En får væra som en er – en Ole Ivars musikal og var i tillegg nominert til årets kvinnelege TV-komikar. Hausten 2014 dukka Steenstrup opp i TV 2 som Edel Hammarmark Gjervan i humorprogrammet Dritseint med Edel. I 2020 vart ho programleiar i spørjeprogrammet Alle mot alle på TVNorge saman med Jon Almaas.
Privatliv Ho var tidlegare gift med skodespelaren Fridtjov Såheim.Brudd mellom Henriette Steenstrup og Fridtjov Såheim Dei var begge med i serien Nårje som våren 2012 vart send på TV 2. Begge spelte i musikal-humor-drama-serien En får væra som en er somaren 2019. I 2019 gifta ho seg med Rune Assmann.
Utvald filmografi
2020 – Ragnarok 2019 – Hjelperytteren 2016 – Welcome to Norway 2015 – Kvinner i for store herreskjorter 2014 – Jakta på Berlusconi 2012 – Som du ser meg 2011 – Få meg på, for faen! 2011 – Jeg reiser alene 2010 – Hjem til jul 2010 – Sammys eventyr – Den hemmelige passasjen (stemme)Trailer fra «Sammys eventyr - Den hemmelige passasjen», VGTV, 11. september 2010 2009 – Bolt 2007 – Mars & Venus 2006 – Trøbbel 2006 – Gymnaslærer Pedersen 2005 – Thomas Hylland Eriksen og historien om origamijenta 2003 – Mors Elling 2000 – Fråtseri 1999 – Fomlesen i kattepine 1997 – Budbringeren
TV-seriar
2021 – Pørni – hovudrolle og skapar (Viaplay) 2020 – Edda (Netflix) 2019 – Ein får væra som en er (TV 2) 2013 – Lilyhammer, sesong 2 (NRK/Netflix)http://www.dagbladet.no/2013/01/08/kultur/tv/nrk/lilyhammer/steven_van_zandt/25140694/ 2009 – En god nummer to (TV 2)
TV-opptredenar
Alle mot alle (2020–) Nytt på nytt (2016) Meglerene (2014) Dritseint med Edel (2014, 2015) Gullruten 2013 og Gullruten 2014, programleiar Brille (2012) Nårje 1 og 2 (2012 og 2013)Henriette Steenstrup om Otto Jespersen: – Jeg var litt redd for ham, TV 2, 29. februar 2012 Torsdag kveld fra Nydalen (2009–2011)Henriette slo seg løs som sprengkåt danselærer, VG, 30. september 2009 Kykelikokos (1996)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Henriette Steenstrup» frå , den 9. november 2021.
Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar