Iben Marie Akerlie () er ein norsk skodespelar og barnebokforfattar frå Oslo som har medverka i fleire filmar. Ho debuterte som forfattar hausten 2016 med barneboka Lars er LOL. I 2016 fekk ho ARKs barnebokpris for denne boka.
Akerlie har spelt i kortfilmen Bulle berre bur her som er laga av Sirin Eide. I 2001 spelte ho i filmen Glasskår, basert på Harald Rosenløw Eeg sin roman med same tittel, der ho hadde ei lita rolle som jenta Wendy. Ho spelte tittelrolla i spelefilmen Victoria, ei filmatisering av Knut Hamsun sin roman . I 2017 var ho med i filmen Rett vest og i 2019 De dødes tjern.
I 2016 hadde ho rolla som dottera til statsministeren i sesong 2 av NRK-serien Mammon. Året etter var ho med i TV 2-krimserien Kvar er Thea?
Bibliografi
Lars er LOL – barnebok, Aschehoug 2016 Kjempefesten – barnebok, Aschehoug 2019 Sommeren alt skjedde – barnebok, Aschehoug 2022
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Iben Akerlie» frå , den 9. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Vinnarar av ARKs barnebokpris