Gisken Armand () er ein norsk skodespelar.
Liv og virke Armand debuterte 14 år gammal på Den Nationale Scene, og har vore tilsett ved Nationaltheatret frå 1988. Ho har tolka ei rekkje leiande Ibsen-rollar, som Gerd i Brand, Hilde Wangel i Byggmeister Solness og både Hilda og Ellida Wangel i Fruen fra Havet. Ho har òg spelt Ho i Nokon kjem til å koma, Olivia i Hva dere vil (Helligtrekongersaften), tittelrolla i Medeia, Olga i Tsjekhovs Tre søstre, Helene i Festen, Dronning Elisabeth i Maria Stuart og Helena i En Midtsommernattsdrøm.
Armand har hatt store roller i ei rekkje norske filmar og fjernsynsproduksjonar. Ho hadde rolla som Ingbjørg i Kristin Lavransdatter (1995), som politietterforskaren Hilde i Insomnia (1997) og som prostituerte Maja Durban i Evas øye (1999). Andre filmar er Smykketyven (1990), Ti kniver i hjertet (1994), og Den som frykter ulven (2004). Ho hadde leiande rollar i fjernsynsseriane Ved kongens bord, Kodenavn Hunter og Størst av alt. Gisken Armand har òg lese inn fleire lydbøker.
Gisken Armand er dotter av skodespelaren Eilif Armand, søster av skodespelarane Frøydis Armand og Merete Armand og gift med Ole Lillo-Stenberg, bror av artisten Lars Lillo-Stenberg. Ho medverka i musikkvideoen «S'il vous plaît» av deLillos frå 1988.
Filmografi (utval)
1988 – S'il vous plait 1989 – Når den ny vin blomstrer (TV) – Josefa 1990 – Smykketyven – Ida 1994 – Ti kniver i hjertet – Sager 1995 – Kristin Lavransdatter – Ingbjørg 1995 – Noe beroligende – mor 1997 – En mann må gjøre det han må (TV) – Anne 1997 – Insomnia – Hilde Hagen 1999 – Evas øye – Maja Durban 2000 – Hver søndag hos mor – Julie 2001 - Fox Grønland (TV-serie) - Anne Lise Karterud 2004 – Den som frykter ulven – Kannicks mamma 2004 – Johnny og Johanna (TV-serie) – Wenche E. 2004 – Veddemålet (TV-miniserie) – Ingrid Sterner 2005 – Ved kongens bord (TV-miniserie) – Ingunn Dahl 2006 – Bokaj – Mor 2007 – Kodenavn Hunter (TV-serie) – Runa Schøll 2007 – Størst av alt (TV-serie) – Camilla 2012 – Hjem 2012 – Istid 4: Kontinenter på avveie (Film) - Besta (stemme) 2012 – Julekongen (TV-serie) - Randi Krohn, Peders mor 2021 – HAN (Film) 2021 – Kjære landsmenn (TV-serie)
Teater
1991 Søster Hat – NRK ungdomsteateret
Prisar og utmerkingar
Gösta Ekmans Minnefonds pris 1992 Nationaltheatrets Venners ærespris Kåret til Årets lydbokstemme av Lydbokforlaget 2003 Radioteatrets Blå fugl-pris for tolkinga si av Irene i Henrik Ibsens Når vi døde våkner 2006 2013 Heddaprisen for beste kvinnelege skodspelar for rolla som Jeg i Jeg forsvinner, Nationaltheatret av Arne Lygre, regi Eirik Stubø, Nationaltheatret.Heddaprisen 2013
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gisken Armand» frå , den 10. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Skodespelarar ved Nationaltheatret Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Skodespelarar frå 2000-talet