Emilie Bernhoft () var ein norsk slektsforskar, forfattar og legatstiftar.
Emilie Bernhoft var dotter av sokneprest Jørgen Bernhoft og Barbara Thode Helsing.Ministerialbok for Ytterøy prestegjeld, Ytterøy sokn 1817-1842 (1722P): Fødte og døpte: 1830-06-30 Ho vart ikkje gift. Faren hennar døydde på Ringebu prestegård i 1855.Ministerialbok for Ringebu prestegjeld 1848-1859 (0520P): Begravde: 1855-04-10 Då flytta ho saman med mora til Lillehammer.
Emilie Bernhoft var ein ivrig lesar av bøker, aviser og genealogiske nedteikningar. Ho samla omfattande genealogiske opplysningar, noko som i 1885 resulterte i utgjevinga hennar Stamtavle over Slægten Bernhoft. Ho gjorde òg eit omfattande kartleggingarbeid med slekta Astrup.
Ho vart bisett 6. januar 1911 i Ringebu. Ho oppretta eit legat på kr. 1800 (Jørgen Bernhofts Legat, namngjeve etter far hennar), som skulle styrast av soknepresten i Ringebu, og som skulle falla til slektningar og Hedningemisjonen.
Bibliografi
1885: Stamtavle over Slægten Bernhoft
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emilie Bernhoft» frå , den 11. november 2021.
Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Norske forfattarar