Anna Wisborg Blix () er ein norsk biolog, journalist, politikar for Raudt og forfattar.
Blix har ein mastergrad i biologi frå Universitetet i Oslo og vann Masterstipendet 2012 hos Akademika forlag for ei masteroppgåve i økologi. Ho har fagansvar for «sau og geit» i Store norske leksikon.Anna Blix - Bidragsytere Ho jobba som politisk rådgjevar i Sabima frå 2013 til 2017, der ho jobba med kulturlandskap. I februar 2018 gav Manifest forlag ut den første boka hennar, En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet.
Ho vart vald inn som kommunestyrerepresentant for Raud Valallianse i Hammerfest i 2003, og har vore organisasjonssekretær og sentralstyremedlem i Raud Ungdom og førstesekretær for bystyregruppa til Raudt Oslo. Ved stortingsvalet 2009 var Blix førstekandidat for Raudt i Finnmark. Frå og med 2018 var ho politisk rådgjevar i stortingsekretariatet til Raudt.
Blix var redaktør for RadiOrakel frå 2006 til 2007.http://www.finnmarkdagblad.no/kultur/article2131282.ece Ho dreiv i 2021 med forskningsformidling og har blant anna bidrege i radioprogrammet Ekko, og bidrege jamleg til spaltene «Forskningsfronten» i Morgenbladethttp://morgenbladet.no/forfatter/anna_blix og «Naturligvis» i Klassekampen.
Publikasjonar
En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet, 2018, ISBN 9788283420524
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anna Wisborg Blix» frå , den 11. november 2021.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske biologar Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske radiojournalistar Kategori:Norske journalistar