Jacobine «Bina» Buch () var ein norsk forfattar og velgjerar.

Familie Jacobine Buch var dotter av prosten og politikaren Hans Cato Aall (1807–62, av slekta Aall) og Karen Nicoline Harris.Ministerialbok for Hammerfest prestegjeld 1843-1856 (2001Q): Fødte og døpte: 1844-02-07 Ho vart gift den 2. mai 1864 i Holla med sokneprest Johan Ludvig Frithjof Buch (1831-1892).

Liv og virke Jacobine Buch voks opp som prestedotter i Brunlanes. Som 20 år gammal nygift prestefrue kom ho i 1864 til Værøy i Lofoten. Opphaldet her vart av stor tyding for ho, og i 1880-åra skreiv ho to bøker om tilvera som prestefrue – Livet i Prestegaarden (1887) og Erindringer fra et syvaarigt Ophold paa en af Lofotøerne (1889). Bøkene hennar vart omsette til svensk, finsk og tysk.

Saman med Hedvig Bie og Marie Blegen skreiv ho småskriftet Nødraab frå Statskirken (1890).

Ho engasjerte seg i velgjerande arbeid for Frelsesarmeen, Dyrebeskyttelsen og innsette i fengsla i landet.

Bibliografi

1887: Livet i Prestegaarden – nogle velmente Alvorsord nærmest til Landets Prestefruer, Malling, Kristiania 1889: Erindringer fra et syvaarigt Ophold paa en af Lofotøerne, Mittet, Kristiania

Omsette utgåver Livet i Prestegaarden:

1900: Lifvet i prästgården (svensk) 1903: Tärkeä kysymys (finsk)

Erindringer fra et syvaarigt Ophold paa en af Lofotøerne: 1891: Wirken des heiligen Geistes auf den Lofoten-Inseln (tysk)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jacobine Buch» frå , den 12. november 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet