Teresa Teng (kinesisk skrift 鄧麗君, pinyin Dèng Lì Jūn; ) var ein songar frå Taiwan. Ho vert rekna som ein av dei mest innverknadsrike songarane i Asia og vert ofte omtalt som «Asias evige popdronning» og «Asias songdronning».

Teng var kjend for dei romantiske balladane sine og revolusjonerte kinesisk populærkultur i løpet av 1970- og 1980-talet. Ho kopla saman Aust- og Søraust-Asia ved å snakka og synga på ulike språk, inkludert mandarin, kantonesisk, japansk, hokkien, indonesisk, engelsk og italiensk. I tillegg snakka ho fransk og thai.

Teng døydde av eit alvorleg astmaanfall medan ho var på ferie i Thailand i 1995, i ein alder av 42 år.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Teresa Teng» frå , den 12. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Taiwanarar