Åshild Eidem () er ein norsk journalist, fotograf og forfattar.

Ho har bachelorgrad i journalistikk frå Høgskulen i Bodø, og har studert journalistikk, sosiologi, kultur og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo 2002–2005, deretter internasjonale studiar same stad. Ho har studert internasjonal politikk, arabisk og hebraisk ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.

Eidem har budd i Skien, i Jerusalem, i Gaza og i Teheran. Ho byrja pressekarrieren sin som sommarvikar i Porsgrunns Dagblad som 20-åring, og var fotograf, fotosjef, redaksjonsleiar og kulturredaktør i studentavisa Universitas i Oslo. Ho har skrive for Varden, Dagens Næringsliv, Morgonbladet, Aftenposten og portugisiske Expresso.

I si fyrste bok Spillet om Gaza presenterer ho fire personar frå Gaza - ein tunnelsmuglar, ein aktivist, ein militant leiar og ei profilert Hamas-kvinne.

Eidem vart kåra som Årets frilansar 2013 av NJ-juryen til frilansjournalistane.

I 2017 arbeidde Eidem som kommunikasjonsrådgjevar for Norges institusjon for menneskerettigheter.

Bibliografi

Spillet om Gaza, dokumentar og historie, Cappelen Damm (2013) Arven etter far, av Laila Bokhari i samarbeid med Åshild Eidem, sakprosa, Gyldendal (2015)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Åshild Eidem» frå , den 13. november 2021.

Bakgrunnsstoff Presentasjon av Åshild Eidem i Forfattarkatalogen på Nettsidene til forfattarsentrum

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske forfattarar