Maria Kjos Fonn () er ein norsk forfattar og skribent frå Årvoll i Oslo. Ho debuterte i 2014 med den kritikarroste novellesamlinga Dette har jeg aldri fortalt til noen.

Bakgrunn Fonn gjekk på Foss vidaregåande skule og deltok i Fossrevyen i 2008 og gjekk òg på Aschehougs forfattarskule 2013–2014. Fonn har studert allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har vore publisert i debutantantologien Signal> antologien Verbarium, ungdomsantologien Koffein-prosa og jule-antologien I de dager.

Fonn skriv for avisene Klassekampen, Aftenposten og har òg skrive for Universitas og ei rekkje tidsskrift, mellom dei Samtiden, Tidsskrift for Den norske legesamskipnaden og Fett. Novella hennar «Love, Leen» er omsett til tysk i antologien Neue Nordische Novellen.

Forfattarkarriere Fonn debuterte i 2014 med novellesamlinga Dette har jeg aldri fortalt til noen. Ho fekk Aschehougs debutantstipend for 2014, og vart nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris i 2015.

Hausten 2018 gav ho ut romanen Kinderwhore. VG gav terningkast fem og skreiv: «Mange har skrevet godt om at det er for jævlig å være ung. Men få har gjort det bedre enn Maria Kjos Fonn». Aftenposten sin melder Ingunn Økland skrev at Fonn løftar arven etter Herbjørg Wassmo.

Ho vart nominert til Brageprisen i 2018, P2-lytternes romanpris 2018, Osloprisen i Natt & Dags kåring av Årets litteratur, Bokbloggerprisen 2018, og vann Ut-Awards 2018 i Trøndelag for årets beste norske roman. Romanen vart òg utgjeven i Danmark og Tyskland.

Hausten 2018 var ho aktuell i to feministiske essaysamlingar: Ulyd på Cappelen (redigert av Hedda Lingaas Fossum) og Det skjer nå på Kagge (redigert av Helena Brodtkorb).

I 2019 mottok ho Tanums kvinnestipend for den samla forfattarskapen sin, og i 2021 mottok ho Mads Wiel Nygaards legat.

Hausten 2020 gav ho ut Heroin chic. Dagens Næringsliv kalla boka «høstens sterkeste leseropplevelse», og Morgonbladet skreiv «Heroin chic er en iskald og potent skildring av rus og avhengighet.» For romanen vart ho nominert til P2-lytternes romanpris og Bokbloggerprisen 2020, og tildelt NATT&Dags Oslopris. Romanen er blitt seld til Tyskland og Danmark.

Prisar og utmerkingar

2014 – Aschehougs debutantstipend 2015 – nominert til Tarjei Vesaas' Debutantstipend 2018 – nominert til Brageprisen 2018 - nomimert til P2-lytternes romanpris 2018 - nominert til Oslo-prisen til Natt & Dag 2019 - nominert til Bokbloggerprisen 2019 - Vinner av Ut-Awards for årets beste norske roman 2019 - Tanums kvinnestipend 2020 - Nominert til Årets stemme i NATT&DAG 2020 - Nominert til P2-lytternes romanpris 2021 - Osloprisen i NATT&DAG 2021 - Mads Wiel Nygaards legat 2021 - nominert til Bokbloggerprisen

Bibliografi

Novellen «Lappeteppet» i Koffein-prosa – 2006 (Brønderslev forfatterskoles ungdomsantologi) Signaler – 2012. Cappelens debutantantologi (red. Kristin Berget) Novellene «Edel», «Seierskyss» og «Altfor mye, men ikke nok». Dette har jeg aldri fortalt til noen – 2014 (novellesamling), Aschehoug Vebarium – 2015 I de dager – 24 julefortellinger – 2016 Verbum forlag Weniger eine Leiche als vielmehr eine Figur - Erzählungen aus dem Ostseeraum. (Matias Friedrich og Slate Kozakova (red.) – 2017. Novellen «Love, Leen.» Kinderwhore – 2018 Aschehoug Ulyd - 2018. Antologi. (red. Hedda Lingaas Fossum) Essayet «Voldtekst». Det skjer nå – 2018 Antologi (red. Helena Brodtkorp) Essayet «Kropp til salgs» Heroin chic – 2020 Aschehoug

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maria Kjos Fonn» frå , den 15. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Presentasjon av Maria Kjos Fonn i Forfattarkatalogen på Nettsidene til forfattarsentrum Skapelsesberetninger - lydopptak ved Bergen Offentlege Bibliotek (2021)

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet